Lift and transportation of Helipad

"Tronds Lift 6" lifting Helipad (110T) from quay at Leirvik AS to barge "Tronds Barge 29". The transportation from Leirvik to Verdal was performed by the tug "Tronds Lax". The Helipad will finally be installed onboard a plattform in connection with Vallhall Flank West Project operated by Aker BP.

Posted by Tronds Marine Service As on Wednesday, November 28, 2018
- Annonse -

Vart frakta frå Stord til Verdal førre helg.

Leirvik AS har nyleg gjort seg ferdig med helikopterdekket dei har produsert til plattformprosjektet «Valhall Flanke Vest», på vegner av Aker BP.

I tillegg til helikopterdekket har Leirvik levert eit nødhus til plattforma. Prosjekta har sysselsatt om lag 30 årsverk på Stord.

– Det er ein viktig kontrakt for oss videre, der me ser at det kjem ein marked for denne type plattformar. Det er en strategisk viktig kontrakt, sa administrerende direktør i Leirvik, Helge Gjøsæter til Sysla i fjor.

Førre helg vart dekket frakta frå verftet til ein lekter i ein omfattande løfteoperasjon, utført av Tronds Marine Service AS på Halsnøy.

- Annonse -

Firmaet har fått laga ein dronevideo som viser korleis operasjonen vart gjennomført. Sjå klippet øvst i saka.

- Annonse -
- Annonse -

Laurdag drog dekket av gårde frå Aslaksvikjo mot Verdal, der modulen skal bli installert på plattformen.

Kværner i Verdal er no i full sving med Valhall-prosjektet. Kontrakten som vart teikna i desember i fjor har ein verdi på i undetkant av 1 milliard kroner, og gir jobb  for opp mot 650 tilsette ved Kværner i Verdal.