Thai-bua «Oase» som sto utanfor Heiane Storsenter inntil nyleg, blir no å finne i Sagvåg sentrum.
I fjor haust forsvant plutseleg take-away-bua «Oase» utanfor Heiane Storsenter. Som Stord24 skreiv om på måndag, vurderer Hurtigruta Carglass å opne verkstad på denne delen av parkeringsplassen.
Men «Oase» har ikkje kasta inn handkledet. No melder dei på Facebook at dei kjem til å etablere seg i Sagvåg sentrum. Nærare bestemt Sagvågsbrekko.
– Me opnar Oase Thai Take-away i nye lokaler fredag 15. februar, skriv restauranten.
Dermed blir det to forskjellige asiatiske mattilbod i Sagvåg.
Frå før finn ein kinarestauranten Voxy i Sagvåg sentrum.