Foto: Christina Alvsvåg
- Annonse -

Politiet hadde problemar med å stå oppreist då dei dirigerte trafikken over Bømlabrua måndag morgon.

Trafikken over Trekantsambandet var igjen lamma då ein hengar blåste av ein lastebil på Bømlabrua måndag morgon. Den velta hengaren førte til at eit av felta blei stengt, og politiet måtte til med manuell dirigering.

Ein video som Stord24 har fått tilsendt av Christina Alvsvåg, som kom køyrande frå Bømlo, viser kor sterk vinden var:

Politiet vil inntil vidare nekte lastebilar med skaphengar og personbilar med tilhengjarar å passere Bømlabrua. Andre køyretøy kan også bli nekta, meldte politiet i 10-tida.

Den svært sterke vinden har også skapt problem for fleire bruer på vestlandet. Vegtrafikksentralen melder at E134 over Karmsund bru er stengt grunna vinden. Også på Sotrabrua velta ein tilhenger, noko som førte til stengt køyrefelt.

Ferjeavgangar på sambandet Mortavika – Arsvågen er innstilt grunna vinden.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet oppmodar til å ta inn lause gjenstandar.

– Politiet får inn fleire meldingar om lause gjenstandar som er tekne av vinden eller er i ferd med å losne. Dette gjeld blant anna trampolinar og takrenner. Politiet oppmodar publikum til å sjekke eigedommane sine og sikre lause gjenstandar, melder Sørvest politidistrikt.

Ved Rema 1000-butikken i Sagvåg er det ein trampoline som har velta over parkeringsplassen måndag føremiddag:

Foto: Randi Sørheim