Henrik Engevik Hatlevik er leiar i Stord Unge Høgre. Foto: privat
- Annonse -

Tek over roret etter Vegard Røssberg.

Rett før helga haldt Stord Unge Høgre sitt årsmøte for 2018, der dei mellom anna valde nytt styre.

Henrik Engevik Hatlevik er den unge mannen som skal leie ungdomspartiet framover. Han får med seg Leni Ingebrigtsen, Vegard Røssberg og Sunniva Grov Framnes i styret.

Hatlevik tek over leiarvervet etter Vegard Røssberg, som har vore leiar sidan ungdomspartiet på Stord vart stifta i fjor.

Dei har klare formeiningar om kva saker som vil oppta dei.

– På årsmøtet drøfta me lokale saker. Hordfast, lokalt næringsliv og tilbod til personar med ulike utfordringar vil verte høgt prioritert det komande året, skriv ungdomspartiet i ei melding.

- Annonse -

Den siste tida har det vore svært høg temperatur i debattseksjonen til Stord24 med mange innlegg frå dei fire ungdomspartia på Stord.

Nyvald Unge Høgre-leiar Henrik Engevik Hatlevik skreiv nyleg eit innlegg der han tok eit oppgjer med måten venstresida driv ungdomspolitikk på.

Tek du ein tur gjennom Leirvik sentrum er det skjeldan du ikkje kjem over ein plakat frå parti på venstresida som frontar eit politisk bodskap på ein subjektiv og einsidig måte. Anten heng plakaten på ein vegg, ein lyktestolpe eller så ligg den rett og slett på bakken og forureinar gatene våre både visuelt, miljømessig og politisk. Dette meiner eg vert heilt feil måte å drive politikk på. Eg ynskjer eit politisk miljø på Stord og i Noreg generelt, der sakar vert debattert på ein sakleg måte der ein får sett fleire sider av same sak og ikkje berre ei einsidig framstilling satt på spissen i venstresidas favør.

Les heile innlegget her.

- Annonse -