Skisse over miljøgata gjennom Leirvik sentrum.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Eg oppfordrar formannen i FpU i Sunnhordland om å lesa dei to siste innlegga han har hatt i Stord24 grundig.

Av: Magne Misje, Stord

“Er det rett at bilistar skal betala for vegar dei ikkje kan køyra på?”, spør leiaren, eller formannen i Sunnhordland FpU, som dei likar å titulera seg for i dei krinsar, i eit innlegg om at Stord-pakken også er meint å finansiera nokre sykkelstiar.

Mange spørsmål kan stillast. Er det rett at dei som ikkje køyrer bil, skal , over skattesetelen, finansiera firefelts motorvegar med fartsgrense 110 km/t som Frp ivrar så sterkt for?

Er det rett at einslege og barnlause skal betala for barnehagar, skular og barnetrygd? Er det rett at dei som er innom sjukehuset ein gong i året, skal betala for sjukehusutgiftene til kronikarar og dei med mange sjukehusinnleggingar?

- Annonse -

Skal vi i det heile betala for noko som ikkje først og fremst gagnar oss sjølve?

- Annonse -
- Annonse -

I det siste har vi kunna lesa mykje om kor såra og leie seg Frp-arar har vore fordi mange i i Krf har stilt spørsmål om verdiar og menneskesyn hjå Frp. Eg oppfordrar formannen i FpU i Sunnhordland om å lesa dei to siste innlegga han har hatt i Stord24 grundig.

Det kan ikkje falla han inn at mange i Krf meiner dei har eit poeng?

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -