Helsestasjonen i Blåbygget i Sagvåg er midlertidig stengt. Foto: Google
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Har du time på helsestasjonen i Sagvåg den nærmaste tida må du dra til Nordbygdo.

Det er kommunen som skriv på sine nettsider at helsestasjonen i Sagvåg er midlertidig ute av drift grunna renoveringsarbeid. Dette gjeld både helsestasjonen og jordmortenesta.

Helsestasjonen kan kontaktast på ordinært telefonnummer, 53 49 68 54. Brukarar som allereie har timeavtale i Sagvåg vil få beskjed om ny stad for oppmøte.

- Annonse -

Helsestasjonen er i renoveringstida drifta frå helsestasjonen i Nordbygdo. Den er lokalisert same stad som Nordbygdo ungdomsskule. Kommunen opplyser ikkje om kor lang tid renoveringsarbeidet vil ta.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -