Illustrasjonsfot: Sammen
- Annonse -

– Det er dokumentert at tidleg innsats og førebyggjing er gode tiltak som er verdt å satse på, seier stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H).

Helsedirektoratet har i samband med revideert nasjonalbudsjett tildelt 330 millionar i øyremerka tilskot til helsetasjonane og skulehelsetenesta rundt om i kommunane.

No er det klart at Stord kommune får 2,8 millionar kroner av den totale potten.

Helsestasjonen på Stord søkte om nær 4 millionar kroner som skal gå til «tidleg innsats og auka samhandling i svangerskap,helsestasjon og skulehelsetenesta».

Stortingrepresentant Liv Kari Eskeland (H) seier at helsetasjonane speler ei viktig rolle når det gjeld førebygging.

– Regjeringa har gjennom fleire år satsa på eit godt lågterskeltilbod for born, unge og deira familiar. Dei siste fem åra har det vore ei gradvis opptrapping av midler til helsestasjonar og skulehelseteneste. Det er no klart kven som får desse midlane, og Stord er ein av dei kommunane som mottek slike midlar, seier Eskeland.

- Annonse -

– Helsestasjonane og skulehelsetenesta gjer ein svært viktig jobb, og det er dokumentert at tidleg innsats og førebyggjing er gode tiltak som er verdt å satse på, held ho fram

- Annonse -