Stord sjukehus. Foto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Sjukehusa i distriktet opnar ikkje opp for besøk før ein er sikker på at dette kan gjerast på ein trygg og god måte, melder Helse Fonna.

Onsdag kom styresmaktene og Folkehelseinstituttet med nye tilrådingar, som opnar opp for besøk til pasientar innlagde på norske sjukehus.

I tilrådingane er det framleis mange punkt som må ivaretakast, slik at besøk kan skje på ein trygg og god måte.

– Det er også presisert at det må gjerast lokale tilpasningar, og det er opp til kvar enkelt helseføretak korleis ein organiserer dette. Helse Fonna skal difor sjå nærare på dette og vurdera tiltak, før ein opnar opp sjukehusa att for pårørande, melder helseføretaket i ei pressemelding.

Dei viser til at i følgje råda frå Folkehelseinstituttet er det blant anna strenge reglar i høve til avstand, handhygiene, adgangskontroll, registrera og å avgrensa talet på besøkjande.

– Difor må me planleggja dette grundig, før me opnar opp att for besøkjande, slik at me ivaretek tryggleiken for pasientar og tilsette. Det er den viktigaste oppgåva vår. Så får vi komme tilbake med ein plan for dette i neste veke, seier administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen.

- Annonse -