Elisabeth Stange Bergslid er fagansvarleg bioingeniør og skal jobbe med det nasjonale prosjektet for Helse Fonna. Foto: Stina Steingildra
- Annonse -

– Personar som har vore smitta av koronavirus og hatt Covid-19 kan danne antistoff som gir immunitet mot viruset, skriv Helse Fonna i ei pressemelding.

Blodbanken i Helse Fonna ønskjer kontakt med etablerte blodgivarar som har hatt Covid-19 for å sjekke om dei har antistoffene som trengst for den pågåande studien.

​- Overføring av plasma med slike antistoffer kan hindre alvorleg forløp av sjukdommen hos pasientar med infeksjon, og kan også beskytte utsette pasientgrupper eller personell. 

I første fase ønskjer Helse Fonna å undersøkje om etablerte blodgivarar som har gjennomgått Covid-19-infeksjon, har beskyttande antistoff, men ein må ha vore symptomfri i minimum 14 dagar før det er aktuelt med blodprøvetaking og blodgiving.

– Blodprøvane vil bli undersøkt med tanke på beskyttande effekt, og utvalgte givarar vil bli spurt om å donere plasma til denne studien. Det kan vere aktuelt å gi fleire gonger.

Helse Fonna ønskjer at ein melder seg til sin lokale blodbank dersom ein er godkjent blodgivar og har fått påvist Covid-19-infeksjon i PCR-prøve teke frå nese/svelg, eller har sterk mistanke om gjennomgått infeksjon, til dømes etter nærkontakt med andre som har påvist virus.

- Annonse -

– Vi ber blodgivarar om å ta kontakt med lokal blodbank via telefon for å gjere avtale om blodprøvetaking/blodgivning:

Haugesund/Sauda: 52 73 22 81
Stord: 53 49 10 90
Odda: 53 65 11 23/912 45 996

- Annonse -
Forrige artikkelHar aldri hatt så høg omsetnad som i fjor. Ikkje berre positivt, seier Birger Grov.
Neste artikkelStore avstandar om Hordfast blant fylkespolitikarane
Journalist – cassandra@stord24.no