Illustrasjonsfoto: Cassandra G. Jespersen/Stord24
- Annonse -

– Eg trur eg snakkar for alle når eg seier at vi gler oss veldig til å ønske velkommen tilbake til eit meir normalt sjukehus.

No er smittesituasjonen og vaksinasjonsstatusen slik at mange helseføretak i landet går ut av ein historisk lang beredskap. Det gjeld også sjukehusa i Helse Fonna.

Det opplyser administrerande direktør Olav Klausen i ei melding fredag.

I praksis vil dette bety at det no blir slutt på ei rekkje koronatiltak, som midlertidige smittemottak, covid-kohortar og inngangsko​ntroll ved sjukehusa.

– I praksis betyr det at vi i neste veke vil lette på restriksjonar for både medarbeidarar, pasientar og besøkande. Dette kan vi ikkje gjere umiddelbart, for vi har gjennom pandemien innført omfattande smittevernrutiner som først må omarbeidast, seier Klausen.

Administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen. Foto: Eirik Dankel

Han understreker likevel at letta ikkje betyr at sjukehusa ser på pandemien for å vera over.

- Annonse -

– Pandemien er ikkje over, og vi vil følgje situasjonen nøye. Vi er klare til å heve beredskapen om det blir nødvendig. Det er framleis mange i befolkinga som ikkje er vaksinerte, og det er ingen av oss som ønsker nye utbrot lokalt no.