Per Lønning (27) startar torsdag i ny jobb som journalist i Stord24. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

27 år gamle Per Lønning byrjar no som journalist på heiltid i Stord24.

Dryge to år etter at Stord24 såg dagens lys, har me no tilsett ein ny journalist på heiltid. Lesarane våre kan dermed sjå fram til ein merkbar forbetring av nettavisa.

Valet fall på 27 år gamle Per Lønning, som er fødd og oppvaksen på Stord. Han har studert journalistikk ved Nynorsk avissenter i Førde, og har det siste året arbeidd i forskjellige vikariat i avisa Dagen og i ABC Nyheter.

– Så, kven er du?

– Eg er ein omgjengeleg og forviten kar, som likar godt å snakke med folk og fortelje historiane deira. Det er noko eg ser veldig fram til i den nye jobben.

Lønning gler seg ikkje minst over å ha flytta heim til Stord, etter mange år utanbys.

- Annonse -
- Annonse -

– Eg gler meg til å bli betre kjend med heimstaden min, men på ein ny måte. Å bli kjend med nye miljø og sjå Stord får ei litt anna innfallsvinkel er også noko eg ser fram til. Journalistyrket gir meg då eit utmerkt høve til å gjere dette.

27-åringen kjem frå ein familie som mange på Stord kjenner til. Han er son til gardsbrukar Kjell Lønning, nevøen til den kjende programleiaren Per Ståle Lønning og til forfattar og nynorskentusiast Kari Lønning Aarø, og ikkje minst har han to søskenbarn som har gjort karriere som forfattar og journalist.

- Annonse -

– Interessa for språket har vore noko som kom inn frå tidleg av. Familien min har jo alltid vore veldig oppteken av språk. Det er eit ikkje uvanleg samtaleemne over middagsbordet. Og bilete av Ivar Aasen heng til og med over senga til foreldra mine.

Behovet for korrekturlesing på Stord24 vil heldigvis ikkje bli større med den nye journalisten i sving.

– Eg har alltid vore oppteken av nynorsken, og er vel kanskje meir interessert i språk enn mannen i gata. Eg likar jo den litt konservative nynorsken, og trekkjer gjerne fram eigenorda som skiljer nynorsken frå bokmålet. Så dette er noko som er sterkt knytt til identiteten min.

– Korleis blir det å starte i ny journalistjobb på Stord?

– Eg gler meg veldig til å skrive om tema som opptek meg i lokalsamfunnet, og å få meg eit godt kjeldenettverk. Dette ser eg veldig fram til. Jau, det er ein spanande jobb eg går til.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -