Fitjar formannskap handsama bompengesøknaden. Foto: Harald Johan Sandvik
- Annonse -

Fitjar formannskap sa nei til førehandsinnkreving av bompengar til E39.

Av: Harald Johan Sandvik

Formannskapet i Fitjar hadde sak om førehandsinnkreving av bompengar på ferjesambanda mellom Fitjar, Tysnes og Os onsdag. Bompengane er meint å finansiere planlegginga av Hordfast.

Fitjar-politikarane landa på eit nei.

Same dag sa politikarane i Os kommune også nei til førehandsinnkrevjing, etter først å ha sagt nei.

Kommunestyret skulle ta prinsipielt stilling til innkrevjing av bompengar. Spørsmålet vert også handsama i Os, Stord og Tysnes kommunar og Hordaland fylkeskommune. Statens vegvesen skal deretter førebu ei sak.

- Annonse -

Ordførar Wenche Tislevoll (H) sit i styret for Hordfast AS, og var difor ugild i saka.

Sigurd Andre Maraas, Frp, kom med nytt framlegg, som sa: Kommunestyret sluttar seg ikkje til at det vert kravd inn førehandsbompengar.

Han grunngav det mellom anna med at dette vedtaket ikkje var avgjerande for gjennomføring av prosjektet. Dagfinn Brekke (KrF) støtta framlegget frå Maraas, og la til at det er uvisse rundt prosjektet enno, og det ligg langt fram i tid. Det bør ikkje krevjast inn bompengar enno. Vigdis Røen Leirvik, Ap, støtta også framlegget frå Maraas.

Arne Prestbø (H) var ikkje samd.

– Eg har vore oppteken av denne saka lenge. Eit positivt vedtak om førehandsbompengar ville gi prosjektet både legimitet og auka tyngde før handsaming i Stortinget.

Han hadde håpa på fire positive vedtak frå dei aktuelle kommunane, men Tysnes og Os har alt sagt nei.

– Eg hadde håpa på positivt vedtak frå Fitjar. I motsett fall står mange «ulvar» klar for å overta plassen i køen, sa Prestbø og viste til andre konkurrerande vegprosjekt.

Ved røystinga fekk Sigurd Andre Maraas sitt framlegg 3 røyster, og rådmannen sitt framlegg fekk ei røyst.

Saka går til kommunestyret til endeleg handsaming.

- Annonse -