Solid-leiar Karl Olav Gravdal har framleis håp om 25-metersbasseng på Nysæter. Her frå eit tilsvarande stort basseng i Kvernevik svømmehall i Stavanger. Foto: privat/Enwa
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Å byggje 25 meter på Nysæter er den billegaste måten kommunen kan komme seg vekk frå dagens minimumsløysing.

Av: Karl Olav Gravdal,
Leiar – IL Solid

I samband med bygginga av ny Nysæter Ungdomsskule var utgangspunktet at det eksisterande bassenget skulle bevarast. Sidan det i staden skal byggjast nytt basseng er det viktig at lengda på det nye bassenget vert utvida til 25 meter:

1. Bassengkapasiteten er i kommunen er på eit minimumsnivå når det gjeld lovpålagd symjeopplæring. Bassenget me ønskjer doblar vassflata på Nysæter, slik at kommunen kan tilby meir bassengtid for fleire skuleklassar enn i dag.

2. Treningskapasiteten er sprengd i kulturhuset. Løysinga me føreslår vil avlaste dei andre bassenga i kommunen, noko symjegruppene til både Solid og Stord, samt andre brukargrupper vil dra nytte av.

3. Eit større basseng skapar aktivitet om ettermiddagane, genererer inntekter og bidrar til at bassenget vert knytta til møteplassen me ønskjer å få til på Nysæter.

- Annonse -
- Annonse -

Eit basseng på 25 meter har ikkje blitt vurdert i prosjektgruppa, då dette ligg utanfor mandatet gitt frå kommunestyret. I staden inneheld planane eit nytt  opplæringsbasseng på 12,5 meter, som er lite føremålstenleg til anna enn til lovpålagd symjeopplæring. Å byggje eit slikt basseng er, i følgje Norges Svømmeforbund, heilt utdatert.

- Annonse -

Eit opplæringsbasseng, tilsvarande det på Nysæter, er lite eigna til symjetrening. Allereie frå dei er 8-9 år vert utøvarane våre køyrde til kulturhuset for å symja – i eit basseng der kapasiteten allereie er sprengd om ettermiddagane.

Kostnadar er viktig og difor er det sløsing å byggje eit basseng til 20-30 millionar, som ikkje gjer noko for å betre tilbodet i kommunen, og som i stor grad ekskluderer oss som brukarar.

Ein kan ikkje gå med skylappar og sjå på dette som utelukkande eit skulebasseng: Dette er eit basseng heile kommunen vil vera tent med.

Bassengløysinga me har foreslått utløyser nærare ti millionar i ekstra spelemidlar, som gjer at kommunen ikkje får meirkostnadar av å byggje eit større basseng.

Å byggje 25m på Nysæter er den billegaste måten kommunen kan komme seg vekk frå dagens minimumsløysing. Difor er det viktig at politikarane allereie no tar eit tydleg standpunkt og slår fast at dette skal me få til, i god tid før kommunestyremøtet i juni.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -