Christopher Schwartz Kvarme. Foto Pernille Førland-Hatlevik
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Torsdag brakar det laus med NM i petanque på Leirvik. Arrangementet har fleire påmeldte en nokon gong, og vår eigen petanqueklubb stiller med heile 74 stykk.

Johanne Brekke er ein av dei 74 frå Stord som deltar i NM. Foto: Pernille Førland-Hatlevik

Allereie onsdag føremiddag var øvingskampane godt i gang trass stusseleg sommarvêr. To av dei som hadde våga seg ut i regnverêt var Johanne Brekke (25) og Christopher Schwartz Kvarme (26).

Begge to er med i Stord petanqueklubb og har reist heile vegen frå Trondheim for å delta på NM i morgon. Dei to vann bronse då dei var med for to år sidan og seier dei har medaljeambisjonar også i år.

– Eg veit ikkje heilt kor stor sjanse me har, men moglegheitane til klubben er veldig gode med tanke på at det er så mange med, seier Kvarme.

Stor interesse

Sjølv om gjennomsnittsalderen i petanque ofte er høg, er ikkje dei to aleine om å vera under 30 år i klubben. Styremedlem Odd Kvarme fortel at klubben har medlemmar heilt frå 20-års alderen og opp til over 80. Interessa for sporten er med andre ord brei, og klubben har vekse stort sidan dei starta opp i 2013.

Johanne Brekke (25) og Christopher Schwartz Kvarme (26) har reist frå Trondheim for å delta i NM i Petanque. Foto: Pernille Førland-Hatlevik

– Ved årsskiftet hadde klubben 150 medlemmar og då me starta i 2013 var me nok 20 stykk, seier Kvarme.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Odd Kvarme trur den sentrale plasseringa av NM i år kan vera ein av årsakane til at det er rekordmange påmeldte. Han fortel at slike arrangement ofte blir arrangert på aude eller avsidesliggande stader med mindre å ta seg til utanom kampane. Stord petanqueklubb har vore så heldige å få låne øvste dekket på parkeringsplassen til Amfi, kor det er laga til 65 grusbanar klare for morgondagen.

– Me håpar på meir publikum når det vert arrangert så sentralt.

NM i petanque lånar tredje etasjen av parkeringshuset til Amfi for å lage 65 grusbanar. Foto: Pernille Førland-Hatlevik

Han fortel at klubben har nokre medaljar frå før og at dei i fjor hadde to stykk blant dei 20 beste. Håpet for helga er at klubben skal ta enda fleire medaljar, og det gjevaste ville vore å vinne kongepokalen som vert spela om på laurdag.

– Me er kanskje ikkje favorittar men me kan vera gode utfordrarar, seier han.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -