Heiane Bil vil etablere seg like like vest for Biltema, som er den svarte bygninga på kartet. NB: Teikningane er berre førebelse.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Opel-forhandlaren har bestemt seg for å flytte til Heiane Vest, og allierer seg med eigarane av Åkra Bil i Haugesund.

Som Stord24 skreiv i fjor haust, har Heiane Bil selt dagens forretningsbygg ved Heiane Storsenter, og varsla at dei er på flyttefot.

No er det klart at dei slepp å eit namnebytte. Dei blir verande på Heiane, men på andre sida av E39. Nesten vegg i vegg med FK-butikken som er under oppføring på Heiane Vest, vil Opel-forhandlaren bygge ein heilt ny bilforretning på ca. 2500 kvadratmeter.

Går saman med Haugesund-investor

I følgje dei førebelse planane skal bygget vere over eitt plan, med ein mindre mezzanin-etasje for personalrom. Halvparten av arealet skal nyttast til sal, og halvparten til verkstadfunksjonar.

Det nye selskapet som er kjøpar av tomta og vil eige nybygget er eit selskap under stifting som vil heite Heiane Vest Eigendom AS.

Dette nye selskapet vil vere eigd av Skulstad-familien, som driv Heiane Bil i dag, og Haugesund-selskapet X Invest AS. Dette selskapet er knytt til Knutsen-familien, som står bak storforhandlaren Åkra Bil i Haugesund.

- Annonse -

Vurderer sal av fleire bilmerke

- Annonse -
- Annonse -

Dagleg leiar i Heiane Bil, Kjetil Skulstad, ønskjer ikkje kommentere planane før etter at dei har hatt førehandskonferanse med Stord kommune. Noko som etter planen skal skje like over påsken.

I januar ska Skulstad at dei har planar om å selje fleire bilmerke i den nye forretninga. Det er eit resultat av at storimportøren Bertel O. Steen nyleg overtok importen og sal av Opel-bilar i Norge i fjor. Det gjer at Heiane Bil kan få tilgang til fleire bilmerke.

– Dette gjer at me jobbar med betre utval og å kunna selje fleire merke. Kia er eitt av merkene me vurderer.

- Annonse -