Dagleg leiar Kjetil Skulstad fortel om spenstige utvidingsplanar. Foto: Heiane Bil
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Bilforhandlaren på Heiane kan legg bak seg eit godt bilsal i 2018, og har spenstige planar om utviding for året som kjem.

– Salet i 2018 har vore veldig bra, og ein god del betre enn året før. Me har mellom anna fått tilgang til meir nye elbilar, som Nissan Leaf, som har vore med å løfte salet eit par hakk, fortel dagleg leiar i Heiane Bil, Kjetil Skulstad.

Sjølv om elbilsalet også går godt på Heiane Bil, er det ikkje fullt så høgt som elles i landet. DN skreiv denne veka at annankvar bil som blei seld i Norge i fjor var ein elbil eller ein ladbar hybrid.

– Hos oss er ikkje elbilsalet like kraftig som elles i landet. Me sel framleis godt med bensinbilar. Men når det gjeld nye dieselbilar har me merka ein kraftig reduksjon i salet, seier Skulstad.

Skal bygge nytt

Med gode tal i baggasjen frå i fjor, har Skulstad all grunn til å vere optimistisk. I sommar blei eigedomen på Heiane kjøpt opp av bergensselskapet Drotningsvik Eigedom AS, som også kjøpte Heiane Storsenter i fjor. Det betyr at dei snart er på flyttefot.

– Me jobbar no med å finne tomt for bygginga av ein ny bilforretning. Me har ikkje heilt landa, men me har eit par alternativ. Eg vil tru at me kjem til å flytte om eit års tid.

- Annonse -

Heiane Bil kan også vere nøgd med at storimportøren Bertel O. Steen overtok importen og sal av Opel-bilar i Norge i fjor. Det gjer at Heiane Bil kan få tilgang til fleire bilmerke.

– Dette gjer at me jobbar med betre utval og å kunna selje fleire merke.

Vurderer fleire merke

Berten O. Steen er forhandlar av Mercedes-Benz, Peugeot, Citroën og Kia. Skulstad legg ikkje skjul på at sistnevnte, som har fått stor suksess med elbilsal i Norge, er interessant.

– Kia er eitt av merkene me vurderer. Men det er framleis langt fram. Me har ikkje noko konkrete planar enno.

- Annonse -