Mette Nygård Havre vil ha folk til å endre haldningar i forhold til mat. Pressefoto.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Måndag 11. februar får folkebiblioteka på Fitjar og Stord besøk av Mette Nygård Havre, som engasjerer seg på heiltid for å få ned matsvinnet i Noreg.

Ho er i februar på ein turnè i regi av Hordaland fylkeskommune, og vil vise korleis vi som forbrukarar kan utgjere ein forskjell med måten vi tenkjer og handlar rundt mat i kvardagen. På Fitjar folkebibliotek blir ho å høyre på føremiddag, og på Stord om kvelden.

Ho har starta folkerørsla «Spis opp maten», og har eit brennande ynskje om å motivere folk til å redusere eige matsvinn.

Mette Nygård Havre vart i 2016 kåra til «Årets marknadsførar» av Salgs- og reklameforeningen i Bergen for å lukkast med å gjere avfall til noko gøy. Ho var då kommunikasjonssjef i renovasjonsselskapet Bergen interkommunale renholdsverk (BIR).

Havre fekk i 2017 Hordalands miljøpris saman med Kristine Ullaland for sitt arbeid med å få Hordaland og resten av landet til å oppdage ein viktig og aukande problematikk, nemleg matsvinnet.

- Annonse -

I februar er Mette Nygård Havre altså på klimaturnè for nettopp Hordaland fylkeskommune. Dette også ein del av Bokåret 2019. Forutan Fitjar folkebibliotek vil ho også vitje biblioteka på Stord, Tysnes, Sveio, Bømlo og Kvinnherad i vår region.

- Annonse -
- Annonse -

Til dagleg driv ho selskapet «Grønne verdier» og er ein aktiv debattant i media når det gjeld å setje fokus på å ta vare på mat som vi elles ville ha kasta.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -