Dagleg leiar i Haugli bakeri i Haugesund, Stein Olsen, ser på Stord som ein interessant marknad å etablere seg etter konkursen til Leirvik Dampbakeri. Foto: Haugli bakeri
- Annonse -

Amfi-senteret får ein heilt ny serveringsstad i 1. etasje, når Haugesund-bakeriet Haugli Bakeri flyttar inn.

– Me kan informere om at me no har bestemt oss for lokasjon for vår første etablering i Sunnhordland-regionen. Haugli Bakeri er blitt samde med Amfi-senteret i Leirvik om å etablere seg er, seier dagleg leiar Stein Olsen.

Bakeriet skal flytte inn i den tidlegare blomebutikken, Vaagens Blomster, som inngjekk som ein del av konkursen til Leirvik Dampbakeri.

– Me vil etablere eit bakeriutsal der det vert lagt opp til å selje både nystekt søtbakst, brød og kaker over disk, i tillegg til at det blir ein del sitjeplassar der ein kan nyte påsmurt, kaffe og kaker når ein er på senteret

Haugli bakeri fortel at dei allereie no er på jakt etter både butikkleiar og medarbeidarar til det nye utsalet.

– Det er viktig for oss å finne gode folk frå lokalorådet, som erfaring frå liknande arbeid og som kjenner til marknadet.

- Annonse -

Olsen fortel at dei etter Leirvik Dampbakeri-konkurse er blitt godt motteken i marknaden på Stord og levererer mellom anna til Kværner dagleg.

– Eg vil også nytte høve til å gratulere Kværner med ny kontrakt og takk for stor kakeleveranse i samband med dette.

Haugli Bakeri har varsla at dei er interessert i å etablere seg på fleire lokasjonar i Sunnhordland, mellom anna på Bømlo. I kafélokalet til Kringla Konditori i Borggata er det kjend at huseigarane Jens, Håvard og Steinar Hystad skal få ny drift i lokala.

- Annonse -