Foto: Sparebanken Vest / Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

KOMMENTAR: Tidlegare ordførar Harry Herstad hadde ein visjon om å gjere Sparebanken Vest-bygget om til ein kulturell samlingsstad i Leirvik sentrum. No burde nokon ta ballen vidare.

Av: Jonas Sætre, redaktør i Stord24

I løpet av den korte tida Stord24 har eksistert så inviterte Harry Herstad til fleire trivelege og interessante samtalar på ordførarkontoret. Det var veldig nyttig å prate litt laust om dei ulike prosessane i kommunen, og dei politiske sakene som opptok han.

Under ein av desse samtalane lufta Herstad ein idé som han verkeleg ivra veldig for, og det gjaldt Sparebanken Vest-bygget i Leirvik sentrum.

Herstad meinte dette bygget ville vere optimalt som ei samlingsstove for lag og organisasjonar på Stord og for ulike kulturarrangement. Han ville kort og godt skape eit «Frivilligheitens Hus», midt i sentrum. Han tok meg med på omvisning i bygget, der han forklarte korleis han såg for seg at Stord Folkebibliotek kunne etablere seg i første etasje, og lag og organisasjonar kunne bruke lokala i andre og tredje etasje heilt gratis. I kjellaren, i det gamle bankhvelvet, føreslo han lokale for band-øvingsrom. Han såg også for seg å opne bygningen mot torget, der det kunne bli etablert ein kafé med uteservering.

Nytt liv for Borggata

- Annonse -
- Annonse -

Herstad ville ikkje gå offentleg ut med ideen på dette tidspunktet, fordi han meinte timinga var dårleg. Kommunestyret hadde nettopp sagt nei til å bygge ein stor hall i Sagvåg, og han var påpasseleg med at ikkje folk skulle oppfatte det som ein bydelskamp der Leirvik blir prioritert over Sagvåg. Det burde det ikkje vere nokon grunn til. Leirvik er sentrum for heile Stord, og bør ikkje bli sett opp mot andre prosjekt ute i bydelane.

Stord kommune har vurdert å bruke Sparebanken Vest-bygget som kontorlokale, men rådmannen landa på at bygget var dårleg eigna for dette. Det var nok ei god avgjersle. Å samle eit drøss med byråkratar i eit så sentralt bygg ville ikkje bidratt til å skape noko liv i sentrum.

Men ideen til Harry Herstad bør derimot ikkje leggast død. Å opne opp dette bygget for innbyggjarane kunne vore med på å skapt nytt liv for heile Leirvik sentrum, og spesielt for Borggata. Det er berre fantasie som set grenser for kva eit slikt bygg kunne brukast til. Alt frå føredrag og folkemøte til workshops og kurs. Loppemarknad, konsertar, basarar, religiøse møter – you name it.

- Annonse -

Det hadde vore naturleg at Frivilligsentralen kunne flytte inn og hatt ei koordinerande rolle for bruken av bygget, og her dei også hatt utstyrslageret som dei har nyleg har fått midlar til å etablere.

Treng ikkje koste skjorta

At det er behov for eit slikt bygg er det ikkje tvil om. Kulturhuset er smekk fullt, og mange lag og organisasjonar må nøye seg med trange kjellerlokale med elendig ventilasjon når dei skal ha møter. Eit døme er Internasjonal kulturklubb, som lenge har ønskt seg større lokale.

Den store innvendinga mot eit slikt prosjekt er sjølvsagt kostnadane. Men Harry Herstad var oppteken av at dette ikkje kom til å koste skjorta for kommunen. Han såg for seg at ein kunne inngå eit samarbeid med private aktørar for å dele på utgiftene. Her kan det kanskje tenkjast at Sparebanken Vest ser eit høve til å verkeleg setje igjen spor i lokalsamfunnet på Stord. Å sponse salet av bygget til kommunen kunne ha skapt ein eineståande profilering av banken i Stord-samfunnet.

Sjølv med ein trong kommuneøkonomi, og mange store investeringar som ventar, så er det viktig å også prioritere tiltak som ikkje er strengt naudsynte, men som er med på å skape samhald og identitet. Det var også utgangspunktet til Herstad. Politikarane har ein eineståande moglegheit til å gjere eit løft for Leirvik sentrum til glede for fleire generasjonar.

Kven er villig vil å ta opp att ballen frå Harry Herstad?

Familien til Harry Herstad er kjend med at denne kommentaren vert publisert.