Foto: Stortinget
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Tidlegare stortingsrepresentant og rektor ved Stord gymnas gjennom 30 år, Harald Slettebø, er død.

Harald Slettebø døydde natt til søndag, 96 år gammal. Det melder Stord Framstegsparti i dag.

– Det er med stor sorg me i Stord FrP mottok meldinga om at Harald Slettebø sovna inn natt til i dag, 96 år gammal, skriv partiet.

Harald Slettebø engasjerte seg tidleg i det som var forløparen til Framstegspartiet, Anders Langes parti på 1970-talet. Han var formann i fylkeslaget til partiet i Hordaland og innvald på stortinget i éin periode. Han var også parlamentarisk leiar i partiet frå 1976 til 1979.

På 1980-talet var Slettebø engasjert i Frp både i lokapolitikken på Stord og i fylkespolitikken i Hordaland.

- Annonse -

– Stord FrP er takknemlig for hans engasjement og alt ham har bidratt med. Våre tankar går i dag til hans næraste og familie.

- Annonse -
- Annonse -

Mange hugsar nok også Slettebø som rektor ved Stord gymnas, ein jobb han hadde i heile 30 år, frå 1959 til 1989.

Harald Slettebø var far til teiknar og illustratør Lars Slettebø, og bestefar til Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø.

- Annonse -