Harald Rydland. Foto: Kjetil Rydland/Fitjarposten
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Harald er etter kvart den mest rutinerte lokalpolitikaren i Fitjar. Om veljarane vil det slik, går han inn i sin sjuande kommunestyreperiode til hausten.

Fleire av dei mest profilerte Fitjar-politikarane gir seg no i politikken. Ordførar Wenche Tislevoll (H) gir seg i Fitjar-politikken. Det gjer også tidlegare ordførar Agnar Aarskog (Ap).

Men slik er ikkje tilfelle i Fitjar KrF. Mangeårig KrF-topp Harald Rydland, som var Fitjar-ordførar frå 2007 til 2011, har sagt ja til ein ny periode på topp.

– Me er svært godt nøgd med at Harald Rydland har sagt ja til å stilla på førsteplass på lista. Harald er etter kvart den mest rutinerte lokalpolitikaren i Fitjar, seier leiaren i nominasjonskomiteen, Torunn K. Aarskog.

– Når folket har sagt at Fitjar framleis skal vera eigen kommune, skal det godt gjerast å finna ein ordførarkandidat som er betre eigna til å vera med og leia kommunen i åra som kjem. Harald har gjennom fleire tiår vist eit utrøytteleg engasjement for Fitjarbygda og folket som bur der gjennom innsats i lokalpolitikken, seier ho.

- Annonse -

Måndag hadde KrF årsmøtet sitt, der heile lista på 15 kandidatar vart spikra.

- Annonse -
- Annonse -

– Listekandidatane kan vise til stort engasjement i frivillig arbeid og på andre arenaer i lokalsamfunnet. Dette engasjementet gler dei seg no til å ta vidare til politisk arbeid for at Fitjar framover skal vera ein god kommune for alle dei som vil bu her, og for dei som vil skapa arbeidsplassar og driva næring i heile kommunen.

Her er nominasjonslista til Fitjar KrF:

NamnFødtTittel
1HARALD RYDLAND1962Bonde/Kyrkjeverje
2Bård Inge Sørfonn1979Tømrar/brannmann
3Karen Marie Sætre1989Sosionom
4Rune Helland1978Avdelingsleiar
5Idar Ingvaldsen1987Lærar
6Svein Lunde1955Politi
7Astrid Koløen Prestbø1964Lærar
8Bjørnar Jakobsen1984Sosionom
9Rolf-Atle Rolfsnes1966IKT-konsulent
10Turid Marie Lambach Fitjar1994Student
11Steinar Johan Aarskog1952Elektroingeniør
12Willy Auestad1974Styrmann
13Trond Stokken1981Tømrar
14Solveig Lambach Fitjar1995Student
15Johannes Nesse1946Pensjonist

- Annonse -