Kvinna som bur på ein gard i Sveio er vore drapsmistenkt sidan i fjor sommar. Foto: Marita Aarekol/Bergens Tidende
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet seier kvinna har hatt status som mistenkt heilt sidan etterforskinga starta etter badstove-dødsfallet. No håper dei på ei snarleg avklaring.

Førre veke uttalte advokaten til kvinna som bur på garden i Sveio er drapsmistenkt i samband med at ein mann vart funnen død i badstova på garden i fjor sommar.

Kvinna har tidlegare sagt i eit intervju med Stord24 at det var først i førre veke at ho fekk status som mistenkt. Men dette er ikkje noko nytt, ifølgje politiet.

– Ho har hatt status som mistenkt i saka heilt sidan første dagen me var på åstaden, seier politioverbetjent Hans Gunnar Meland i Sør-Vest politidistrikt.

Nærmar seg slutten

Politiet vil ikkje stadfeste at mistanken mot kvinna gjeld drap, slik forsvararen hennar hevdar.

– Kva kvinna sin advokat har sagt, det ønskjer eg ikkje å kommentere.

- Annonse -
- Annonse -

Han opplyser om at etterforskinga av det åtte månader gamle dødsfallet no nærmar seg slutten.

– Det er noko etterforsking som står igjen som me må vente på, men eg vonar at når våren kjem så kan me lande saka. Då blir den først sendt til påtale lokalt, og så vil det bli sendt ei innstilling til statsadvokaten i Rogaland, seier Meland.

- Annonse -

– Kva er det som no står att i etterforskinga?

– Kva som står att vil eg ikkje uttale meg om. Men me vonar å bli ferdig i den næraste framtida.

– Har Kripos vore involvert i etterforskinga?

– Det er ikkje gitt noko bistand i form av at dei har vore her lokalt.

Fellesvurdering

Meland har tidlegare sagt at saka med det første dødsfallet som frå 2016, då kvinna sin ektemann døydde i den same badstova, er henlagt. Men avviser ikkje at også den saka kan kome opp igjen på statsadvokaten sitt bord.

– Eg trur nok at politijuristen tek det som ei fellesvurdering når vedkomande sender ei innstilling til statsadvokaten.

- Annonse -