Ole Henry Halleraker er prosjektleiar for Stord Kristne Skule som startar opp til hausten. Foto: privat
- Annonse -

Debatt: Sjølv om vi planlegg å nå eit elevtal på 150 elevar om ein del år, vil vi meine at verksemda vår vil nok likevel ikkje vere den største utfordringa for trafikken i Studalen.

Av: Ole Henry Halleraker,
prosjektleiar for Stord Kristne skule

Stord24 skreiv på torsdag at Vegvesenet protesterer mot skuleetableringa i Studalen. Stord24 har ikkje vore i kontakt med Stord Kristne Skule om saka.

Slik teksten er formulert, kan ein få inntrykk av at Stord Kristne Skule har teke seg til rette utan å ha dei gjeldande løyve på plass. Dette er ikkje korrekt.
Det er eigar, og ikkje skulen, som planerer og førebur tomta, og dei har framskaffa løyve til dette.

Stord Kristne Skule AS passar på å ha alle sine løyve på plass før vi byggjer fundament, skule og uteareal.

I ein prosess der ein skal byggje noko, skal ulike instansar uttale seg ut frå sitt ansvar og sine interesser.

- Annonse -

Langs E-39 har Vegvesenet bandlagt eit område. I prosessen gjorde Vegvesenet merksam på dette arealet og spelte inn at støyvollen vår låg for nært E-39. Dette var eit sakleg innspel om eigedomstilhøve, og kan neppe kallast ein protest. Vegvesenet kom med sin merknad i byrjinga av mai.

Så snart vi fekk denne merknaden, flytta vi sjølvsagt støyvollen, slik at han nå ligg utanfor det bandlagte området. Det går fram av skissa som nå ligg på skulen si heimeside under tittelen «Ting tek form». Skissa som Stord24 har presentert har ikkje vore gyldig den siste månaden – ho vart lagt ut 14.april i samband med at adressa for skulen var klar.

Stord Kristne Skule er samd med Vegvesenet om at det trengs ein trafikkanalyse for området. Sjølv om skulen berre er ein del av eit større bilete, der utbygging av heile området må sjåast under eitt, har skulen valt å tinge ein slik analyse. Data er alt samla inn, har vi fått vite, og analysen vil liggje føre om kort tid.

Ein skal likevel ha klart for seg at skulen den første tida er ein svært liten institusjon, med rundt 20 elevar og 4-5 tilsette. Sjølv om vi planlegg å nå eit elevtal på 150 elevar om ein del år, vil vi meine at verksemda vår vil nok likevel ikkje vere den største utfordringa for trafikken i Studalen.

Vi har hatt god og open kommunikasjon med Stord kommune i denne saka, og vil gjere vårt for å oppretthalde den positive dialogen.