Dagleg leiar Arne Bjelland og styreleiar Jan Arild Nesse i Stord kommunale eigedomsselskap AS. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Sævarhagen, Kyvik og Kattatveit er føreslått som satsingsområde for eigedomsselskapet i Stord kommune.

På starten av 2000-talet vart det selskapet Stord kommunale eigedom AS stifta. I dag spelar dette selskapet ei lita rolle for kommunen. Selskapet har berre to eigedomar i porteføljen: det kommunale kontorbygget i sentrum, like ved Esso-stasjonen, og Stord kommune bygget på Heiane.

No har selskapet fått ein ny styreleiar, tidlegare Høgre-politikar Jan Arild Nesse, som saman med dagleg leiar Arne Bjelland har sett på potensialet for selskapet.

Og det mangla ikkje på ambisjonar då Nesse og Bjelland presenterte planane for formannskapet onsdag.

– Me ønskjer å maksimalisere inntektene til kommunen ved å utvikle eigedommane. Då får ein betydeleg meir for eigedommane enn om ein skulle selje dei slik som dei er, sa Jan Arild Nesse.

Sævarhagen.

– Ei av perlene på Stord

Bjelland og Nesse meiner det ligg eit stort potensiale for Stord kommune for å drive eigedomsutvikling, og siktar til at kommunen i dag sit på svært attraktive tomter rundt om i byen. Eit av dei er i Sævarhagen.

- Annonse -

– Dette er ei av perlene på Stord. Her ser me på mogleg omregulering av deler av Sævarhagen til bustad og næring, sa Bjelland.

Eit anna område er i Kyvik, som i dag er regulert til LNF-område.

– Her eit kommunen eit stort areal som hadde vore nydeleg til bustadområde. Her er kort veg til vatn og avlaup og kort veg til Rommetveit skule. Ein hadde då bunde saman Grov med Rommetveit på ein annan måte.

I dette attraktive området på Kattatveit utanfor Leirvik sentrum føreslår eigedomsselskapet å utvikle bustadfelt.

Bynært bustadområde

Men den aller mest attraktive tomta som kommunen sit på er truleg på Kattatveit, like utanfor Leirvik sentrum.

– I dag er dette området regulert til framtidig gravplass. Men her bør ein ta ein diskusjon om ein skal ha dette til gravplass, eller om ein eventuelt skal omregulere. Dette er jo ein nydeleg tomt med flott utsikt mot Ådlandsvatnet, sa Bjelland.

Kyvik.

Dei trekkjer også fram Rukjen i Sagvåg, og eventuelt Leirvik skule-tomta, dersom Stord kommune vel å kjøpe Stord vidaregåande sin bygningsmasse på Saghaugen for å flytte barneskulen dit.

Men det er ikkje berre bustadutvikling eigedomsselskapet har sett på. Bjelland og Nesse meiner også det er stort potensiale for å drive utvikling av næringseigedomar.

– Me har sett på eit næringsareal ved flyplassen, nord for terminalbygninga. Her har me allereie hatt to interessentar som har vore og sett på dette arealet, som me no er i dialog med. Det kan bli veldig spennande. Kjem dei på banen så kan det fort bli fleire. Men dette er eit krevjande areal med mykje haugar, som kan fort bli kostnadskrevjande å bygge ut.

Næringsutvikling i Sagvåg/Litlabø

Også Grunnavågen i Sagvåg er det mykje tilgjengeg areal for næringsutvikling.

– Her har ein moglegheit for å planere ut meir av skogen og utvikle området til å bli meir næringsvennleg areal, sa Arne Bjelland.

Dei viser også til at det ved gruveområdet på Litlabø er eit potensiale for utvikling.

– Her ligg det nokre næringbygg som står til forfall. Kommunen leiger ut ein del i dag til veldig symbolske leigesummar. Hadde ein gjort dette området meir attraktiv har det potensiale for meir inntekter.

Eigedomsselskapet føreslår også å ta over alle dei rundt 220 utleigebustadane som Stord kommune i dag eig. Føremonet med dette vil mellom anna vere at lånegjelda til kommunen blir lågare.

Bjelland, som i dag nærast brukar fritida si på å leie selskapet, er klar på at det er ei føresetnad at eigedomsselskapet må tilsetje ein dagleg leiar på fulltid.

– Me må tilsetje ein person som kan gå inn i jobben som dagleg leiar. Dette kan ikkje vere noko venstrehandsarbeid. Utviklinga vil også krevje ein god del startkapital.

Ordførar Gaute Epland, foto: Jonas Sætre/Stord24

– Kjempespennande

Ordførar Gaute Epland (Ap) tykkjer presentasjonen syner at kommunen har mange eigedomar med stort potensiale.

– Eg synest presentasjonen frå SKE AS tydeleg viser at kommunen har eigedomar med stort potensial både for bustad- og næringsutvikling. Eg meiner kommunen bør spela ei meir aktiv rolle enn ein har gjort tidlegare i utviklinga av eigne eigedomar.

– Dette kan potensielt gje oss auka inntekter og ein reiskap til styring av samfunnsutviklinga me ikkje har i dag. Eg ser difor fram til å jobba vidare med dette framover, seier Epland.

Sigbjørn Framnes (Frp) var ein av dei som jubla over dei ambisjonsrike planane.

– Eg synest dettre er kjempespennande. Eg trrur at kommunen treng både offentlege og private for å drive eigedomsutvikling. Det er kjempebra om me klarar å hente ut meir av pengane av eigedommane som kan gå tilbake til kommunal drift.

Rådmann Magnus Mjør er også positiv til å gi fleire oppgåver til eigedomsselskapet.

– Det er gode argument for å gjere dette i eit privat aksjeselskap, fordi dette er risikoverksemd som hdde gått ut over botnlinja til Stord kommune dersom kommunen skulle ha gjort det sjølv.

Formannskapet vedtok å setje ned eit utval som skal utabeide forslag til kommunestyret for vidare utvikling av det private eigedomsselskapet.

- Annonse -