Mange deltok i støttemarkering for Spinae Company i borgartoget 17. mai. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Foreininga Spinae Sunnhordland vart stifta måndag kveld, og dei første sponsorane er kome på plass.

Pressemelding frå Foreninga Spinae Sunnhordland

Med stiftinga av Foreininga Spinae Sunnhordland er det no på plass ein formell organisasjon som i den næraste tida skal jobbe vidare med mål om å få på plass dei naudsynte ressursane og dei praktiske forholda for å kunne vidareføre kursaktivitetar og produksjonar frå Spinae Company.

Det inneber at desse aktivitetane ikkje lenger vil vere knytt til eit privat aksjeselskap, men foregå i ein sjølveigande foreining kor alle midlar går til foreininga sitt formål.

Kort fortalt handlar det om ei vidareføring av kursaktivitetar og produksjonar i Spinae Company i ei organisasjonsform som er betre eigna for formålet. Mellom anna så gjev dette betre mogelegheiter til å kunne kvalifisere for tilgang til kulturmidlar frå kultur-Noreg.

Arbeidet med ei kartlegging av relevante støtteordningar som er tilgjengelege er godt i gang, og arbeidet så langt viser etter foreininga si vurdering at ein vil kunne kvalifisere for tildeling av kulturmidlar av ein slik størrelsesorden at det føreligg eit berekraftig økonomisk grunnlag for drift på lengre sikt.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Førebelse berekningar visar samstundes at Foreininga Spinae Sunnhordland treng minst kroner 300.000 i støtte det komande året for å ha det nødvendige grunnlaget for drift i ein overgangsfase, då søknadsprosessar mot kultur-Noreg i mange tilfeller tek relativt lang tid.

Me er difor særs takksame for at dei fyrste tilsagna om økonomisk støtte er på plass, og set vår lit til at næringslivet og lokalsamfunnet er med og bidreg slik at vi saman får på plass ei berekraftig vidareføring av dette viktige tilbodet.

Kværner på Stord gjev økonomisk støtte til Foreininga Spinae Sunnhordland Kværner på Stord har gjeve tilsagn om økonomisk støtte til foreningen på kr. 50.000 pr. år dei komande tre åra (2019, 2020 og 2021).

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -