Aman Ullah blei 18 år gammal. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

På mindre enn eit døger er det samla inn 50.000 kroner.

Tysdag skreiv Stord24 om at den afghanske 18-åringen Aman Ullah vart funnen død i Paris i Frankrike.

Aman Ullah kom til Litlabø mottak på Stord som 15-åring i 2015 etter å ha flykta frå Afghanistan, og budde på Stord fram til han fekk avslag på asylsøknaden sin.

No har organisasjonen «Enslige Asylsøkere og Flyktningers Organisasjon», som Daniel Dale Laabak står bak, starta ein innsamlingsaksjon på Facebook for å frakte kista hans til familien i Afghanistan.

Vil vise respekt til familien

Laabak er sterkt engasjert i asylsøkjarar si sak, og kjente Aman Ullah personleg.

– Eg møtte han fleire gonger i Paris. Det er vanskeleg å sitje i Norge utan å kunne hjelpe. Då er ein innsamlingsaksjon ein veldig fin ting å gjere i respekt til han og familien, seier Laabak til Stord24.

- Annonse -
- Annonse -

Fryktelig triste nyheter fra Paris i dag. Aman Ullah fikk avslag på sin asylsøknad i Norge og rømte videre til…

Posted by Daniel Dale Laabak on Tuesday, 15 January 2019

Han fortel at han har koordinert innsamlingsaksjonen med den norsk verga til 18-åringen på Stord, Gro Dregelid.

– Me var i går einige at det var behov for å skaffe midlar til å frakte han til Afghanistan, i tillegg til ein gravstein som Gro ønskjer å samle inn midlar til.  Reint praktisk er det ikkje avklart korleis det vil bli gjort endå.

– Over all forventning

Klokka 14 torsdag ettermiddag var det donert 50.000 kroner, berre sidan aksjonen starta onsdag kveld. Det er Laabak strålande nøgd med.

- Annonse -

– Det er heilt enormt og over all forventning. Me veit jo ikkje kva kostnaden blir enno. Men me har kontakt med franske frivillige som bistår i å hjelpe flyktningar i Paris. Dei seier at ein må nok dekke kostnadane med transport sjølv.

Laabak fortel at han også har vore engasjert i ei liknande sak, då to afghanske ungdommar vart drepne i Trondheim i fjor. Kistene deira vart også frakta til heimlandet.

Han har fått opplyst at kista til Aman Ullah ikkje vil bli frigitt frå det franske instituttet der han no er, før på måndag. Han peikar på at dette er ei utfordring i høve islamsk skikk, der det er vanleg å gravlegge døde personar kort tid etter dødsdagen.

Gro Dregelid omtalar seg sjølv som Aman Ullah sin norske mamma. Foto: privat

– Seriøse folk

Gro Dregelid fortel at ho er glad for at nokre tek seg bryet med å samle inn pengar. Stord24 har fått spørsmål frå nokon som lurer på om innsamlingsaksjonen på Facebook er falsk, men det kan ho avkrefte.

– Det er ikkje noko falsk innsamlingsaksjon. Dette er seriøse folk som jobbar veldig mykje med flyktninger, og som kjende Aman. Eg har hatt kontakt med dei heile tida.

Ho fortel at overskotet i innsamlinga vil gå til familien hans i Afghanistan.

– Dei veit ikkje korleis dette skal organiserast enno, men målet er å frakte han til familien hans i Kunduz-provinsen i Afghanistan, og så vil overskotet gå til familien.

Dregelid er no engasjert i å ta vare på Aman Ullah sitt norske nettverk.

– Akkurat no har eg fokus på minneseremonien som me skal ha her på laurdag, og ta vare på dei som er i Norge og snakke med dei som er rundt i Europa som kjente han.

- Annonse -