Det manglar ikkje på forslag til å løfte Leirvik sentrum, som denne skissa som Link Arkitektur. Men det offentlege manglar midlar og verktøy til å setje noko som helst ut i live. Skisse: Link Arkitektur
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

KOMMENTAR:  Slik kommuneøkonomien er i dag, er Stordpakken kanskje det einaste verktøyet det offentlege har for å drive byutvikling på Stord.

Redaktør i Stord24, Jonas Sætre.

Av: Jonas Sætre, redaktør i Stord24

Stord-samfunnet, og særleg Leirvik sentrum, er no i ein situasjon der ting endrar seg svært fort. Byutviklinga har for alvor skote fart dei siste par åra, og vil halde fram i same takt i åra som kjem.

Det er kjempepositivt. Me skal vere glade for at me har private investorar som satsar i sentrum.

Men maktbalansen mellom dei private utbyggjarane og det offentlege er blitt svært skeiv. Slik ordførar Gaute Epland (Ap) påpeika overfor Stord24 i førre veke, så har Stord éin kommuneplanleggjar, medan Kvinnherad kommune har fire tilsette som jobbar med det same.

Det blir ikkje mykje offentleg byutvikling av sånt.

Sentrum utan liv

- Annonse -
- Annonse -

Det kan me allereie sjå tydelege teikn på. Til dømes i dei nye praktbygga på Meieritomta. Arkitektonisk er dette flotte bygg som løftar Leirvik. Men på gateplan er dei ei katastrofe. Ruslar du ned gangvegen frå Kulturhuset blir du møtt av ein død fasade, som skjular eit parkeringshus.

Ein stor tomt i indrefileen av Leirvik sentrum vert altså nytta til parkeringshus på gateplan. Det er ikkje stort betre i bustadkomplekset «Hamnetind», der det heller ikkje er noko publikumsretta verksemd på gateplan.

Dette er sjølve oppskrifta til å lage eit sentrum utan liv. Distriktssenteret skriv nettopp at aktivitet på gateplan er blant dei viktigaste tiltaka for å skape attraktive småbyar.

At ingen politikarar eller byråkratar i kommunen har problematisert dette i løpet av prosessen seier ein ting: Avgjerdstakarane har ikkje den naudsynte kompetansen når det gjeld byutvikling til å sjå dei store linjene.

Det andre viktige tiltaket som Distriktssenteret påpeikar er bilfrie gater. Det var også konklusjonen til Link Arkitektur, som laga ein moglegheitsanalyse over Leirvik sentrum før sommaren. Konklusjonen var klar: Leirvik har kjempepotensiale, men har alt for mykje asfalt og for mange bilar.

Slik ser Kurt Arne Tyse og Thore Liverød for seg Torget med underjordisk parkeringstunnel. Skisse: MAD Arkitekter

Parkeringstunnel kunne finansierast med Stordpakken

Her skal utbyggjarane Kurt Arne Tyse og Thore Liverød ha ros. Skissene til Borggata Futurum-prosjektet, og det planlagte hotellet på Nattrutekaien er svært tilrettelagt for mjuke trafikkantar, og vil gjere det mykje lettare for gåande å kome seg frå kaien til Borggata.

Samtidig har Tyse og Liverød løfta fram ønske om å bygge ein parkeringstunnel under Torget. Dette er noko også Link Arkitektur løfta som eit konkret forslag som ville løfta sentrum, og frigjort masse areal som i dag vert nytta til parkering. Heile parkeringsarealet i Sæ kan bli frigjort til næring, parkareal og anna.

Men den elendige kommuneøkonomien gjer at prosjektet er totalt urealistisk å medfinansiere for kommunen.

Det er her Stordpakken kjem inn. Politikarane kunne søkt om å få ein slik parkeringstunnel inn blant prosjekta som ligg i Stordpakken i dag.

- Annonse -

I tillegg står viktige byutviklingstiltak i stampe utan Stordpakken, slik som ny bussterminal og sykkel- og gangvegar rundt om i byen.

Valkampmodus

Etter den heftige debatten rundt Stordpakken tidlegare i år, skal saka no opp til ei ny runde. Først i formannskapet neste veke, og så i det siste kommunestyremøtet før juleferien.

Så langt er det lite som tyder på at politikarane kjem til å røyste særleg annleis enn ved førre runde. Det har sjølvsagt mykje samanheng med at lokalvalkampen står rett rundt hjørna.

Ideelt sett burde saka først ha kome opp neste haust, slik at partia gjennom valkampen får høve til å argumentere for standpunkta sine gjennom mange debattar.

Likevel er det ikkje til å kome unna: Ved å røyste nei til Stordpakken no, kastar politikarane då frå seg den einaste sjansen til å faktisk gjennomføre større løft i lokalsamfunnet?

Med den svært krevjande kommuneøkonomien som bakteppe, er situasjonen slik at det nye kommunestyret som skal bli valt inn neste haust, vil rå over svært lite midlar til å gjere positiv samfunnsendringar. Det er lite kjekt å vere politikar når det meste ein gjer er å kutte på tenestane.

 

Hadde en derimot gått for Stordpakken, ville det offentlege endeleg få musklar til å drive reell samfunnsutvikling i sentrum, og ikkje vere prisgitt privat initiativ.

Konsekvensen kan bli fråflytting

Nei, det er aldri kjekt med ekstra skatter og avgifter. Men når det ikkje finst alternativ så er det kanskje naudsynt med ein bompengering. Utviklinga går i ei rasande fart, både globalt, nasjonalt og lokalt. Busetnadsmønsteret endrar seg, me bur stadig tattare og dei fleste er samde om at bilbruken i byane må reduserast.

Me kan ikkje sitje her på Stord, og tru at me kan ta oss råd til å late som om me ikkje er ein del av dei globale trendane. Dersom me ikkje evnar å skape eit attraktivt bysentrum der folk trivst, så vil konsekvensen bli fråflytting.

At mange private satsar i sentrum i dag, kan ikkje vere ei sovepute for det offentlege. Private og kommunen må jobbe mykje tettare saman for å skape ein attraktiv by. Og slik situasjonen er i dag, er Stordpakken kanskje det einaste verktøyet det offentlege har for å utvikle lokalsamfunnet.

Ei utfordring til Stord-politikarane: Korleis skal de evne å få midlar til å drive byutvikling utan Stordpakken?

Debattinnlegg kan sendast til redaksjonen@stord24.no.

- Annonse -