Slik seg prosjektgruppa AMC for seg den bogeforma brua. Skisse: AMC
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Basert på Vegvesenet sine vanlege anslag for vedlikehald av bruar kjem brua over Bjørnafjorden til å koste over 150 millionar kroner årleg. Men det har ikkje prosjektleiaren noko tru på.

– Me har ein tommelfingerregel på at det over 100 år vil kosta like mykje å halda ved like ei bru, som det kosta å bygge ho, seier prosjektleiar for brua, Kjell Håvard Belsvik i Statens vegvesen til NRK Hordaland.

NRK har basert på dette kome fram til eit grovt anslag på svimlande 170 millionar kroner i året i vedlikehaldskostnadar.

Men Belsvik i Vegvesenet trur det reelle talet kjem til å bli vesentleg lågare.

Han viser mellom anna til dei har valt at Hordfast-brua skal bruke dyrare stål på flyteelementa, som skal minske behovet for vedlikehald.

Belsvik seier til NRK at han også ønskjer at det skal etablerast eit permanent driftsselskap, som vil få ansvaret for drift og vedlikehald. Han viser mellom anna til korleis dette er gjort ved Øresundbrua i Danmark, som fram til no berre har hatt driftsutgifter på 75 millionar kroner sidan opninga i år 2000.

- Annonse -

– Dei har folk som kjenner brua og som tidleg kan gå inn og gjera grep, heller enn å venta til at det må gjerast eit stort vedlikehaldsprosjekt. Slik blir det også billegare, seier Belsvik.

Denne veka presenterte Statens Vegvesen innspela frå to prosjektgrupper som har jobba med ulike løysingar for brua. Begge har kome fram til at ei bogeforma flytebru er den mest optimale løysinga.

Det er venta at nye kostnadsestimat for brua vil bli lagt fram av Vegvesenet innan kort tid.

- Annonse -