Foto: Oma Slipp
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Snart eit år etter at fylkesmannen fann fleire miljøavvik hos Oma Slipp og Mekaniske verkstad, er to av dei framleis ikkje retta opp.

16. april i fjor gjennomførte Fylkesmannen i Hordaland tilsyn hos Oma Slipp og Mekaniske verkstad utanfor Leirvik sentrum.

Her vart det påpeika tre avvik som gjeld miljøutslepp, lagring av farleg avfall og manglar ved internkontrollen.

Det første avviket vert av fylkesmannen vurdert som eit alvorleg avvik.

– Det var ikkje etablert fast renseanlegg med utslepp i lukka ledning til sjø. Når oljeutskiljaren var i bruk, vart rensa vatn frå oljeutskiljaren slept direkte ut i grunnen, skreiv fylkesmannen i april.

Framleis avvik

I eit nytt brev sendt til Stord kommune i slutten av januar, kjem det fram at Oma Slipp ikkje har retta opp i avviket, snart eit år etter at det blei påpeika.

- Annonse -
- Annonse -

Det vert vist til ein prøvetaking i mai i fjor, som viste eit oljeutslepp på 51 miligram per liter vatn som går ut i ei lukka leidning under lågaste sjønivå. Det er meir enn maksgrensa for kva verksemda har løyve til å slippe ut.

– Avviket vert vurdert som eit alvorleg avvik. Avviket er ikkje retta opp, konkluderer fylkesmannen.

Det vart også funne avvik når det gjeld lagring av farleg avfall. Av tilsynsrapporten gjekk det fram at farleg avfall var lagra ute, at container for farleg avfall var uoversikteleg og til dels dårleg merka, og at det var spor etter lekkasje i oppsamlingskar under lagertank for sloppvatn.

Dette avviket er heller ikkje retta opp, skriv fylkesmannen.

- Annonse -

Skal bygge miljøutslepp

Oma Slipp har i eit brev opplyst at dei har sendt ein søknad om å bygge ein ny miljøhall med nedgravd oljeutskiljar og lukka leidning til sjø. Denne miljøhallen vil også rette avvika for lagring av farleg avfall. Søknaden blei godkjent av Stord kommune i november i fjor.

Dagleg leiaar Oddvar Oma ved Oma Slipp opplyser at miljøhallen vil stå klar til hausten.

– Me vil få levert hallen i august/september, og reknar med å få den opp i løpet av hausten. Då vil me få ein oljeutskiljar som er nedgraven.

Oddvar Oma er dagleg leiar ved Oma Slipp.

Oma seier at det ikkje er snakk ulovleg miljøutslepp, men seier det er måten olja vert slept ut på som gjer at dei får avvik.

– Det går på at seperatoren vår ikkje er rett montert. Me tek olja direkte opp på tankar saman med vatn, og så går dette over frå ein avskiljartank og ut i oljeavskiljaren. Difor brukar me den annleis enn til dømes ein bilverkstad.

Han legg ikkje skjul på at han meiner fylkesmannen er noko firkanta når dei kjem på tilsyn.

– Dei som kjem og ser på dette forstår ikkje kva det dreier seg om. Dersom me skulle spylt ut olja på golvet først hadde det ikkje vore eit avvik. Men me likar ikkje å gå ut og vasse i dette her. Då pumpar me heller olja direkte frå maskimomma og rett på tankar.

- Annonse -