Smedholmen har vore eit kystkulturelt senter i ei årrekkje. Foto: Kystsogevekene
- Annonse -

Sjølv om leigeforholdet med Fitjar kommune gjekk ut ved nyttår har dei frivillige endå ikkje rydda ut av den kulturhistoriske eigedomen.

Einar Matre frå Smedholmen kyst- og naturlivskule skreiv rett etter årsskiftet ein epost til ordførar og rådmann i Fitjar kommune at dei ikkje har greidd å tøme sjøhuset ved Smedholmen for inventar og overlevere det tilbake til kommunen.

– Me greidde ikkje å tøma sjøhuset heilt, men me skal ta det innimellom jobbinga med Seladon som skal sertifiserast i løpet av januar. Må prioritera den årlege sertifiseringa der no og så jobbar me vidare på Smedholmen i ledige stunder, skriv Matre.

Kattekrangel

Han skriv også at han forventar at kommunen skal ta over ansvaret for to kattar som held til i huset.

– Då er det berre igjen to kattar som dåke får overta, dei har gjort ein god jobb og vil nok gjera ein god jobb vidare med å halda musebestanden nede. Me har laga eit lite hus løa og ein foringsautomat slik at dåke berre treng mata dei ein gong i veka.

Men ordførar Wenche Tislevoll (H) har ikkje meir tålmod overs for dei som skal levere frå seg Smedholmen.

- Annonse -

– Det er no gått 11 månader sidan det blei gjort kjent for Dykk at leigetilhøvet på Smedholmen måtte utgå. Fristen for utryddinga har deretter vore utsett to gongar. Me er ikkje viljug til å utsetja dette ytterlegare, skriv ordførar Wenche Tislevoll.

Må fjerne inventar snarast

Ho viser til oppseiingsbrevet frå i fjor sommar, der det kjem fram at attståande gjenstandar er å rekne for Miljødirektoratet sin eigedom.

– Teltet med innhald/master må fjernast så snart råd.  I løpet av kort tid vil takstmann vurdera verdien av kaien, samt trong for naudsynt reperasjon.

Når det gjeld kattane så avviser Tislevoll at kommunen kan ta ansvar for desse.

– Kommunen kan ikkje ta ansvar for kattane, me har ikkje ressursar og kan heller ikkje prioritera å skapa det gode liv for kattane på Smedholmen.

Manglande vedlikehald

Matre har saman med Terje Skorpen har formidla kystkultur og drive leirskuledrift på Smedholmen i mange år. Her har det også vore ei båtsamling som omfattar kutteren Seladon.

Bakgrunnen for at Fitjar kommune avviklar leigeforholdet er at den kulturhistoriske eigedomen vart freda og at eigedommen ber preg av mangelfullt vedlikehald.

Fitjar kommune har sagt at dei vil setje ned ein plan for å for vidare drift av Smedholmen.

- Annonse -