Den åtte mål store tomta i naturskjønne Kårevik er lagt ut for sal. Foto: Google maps
- Annonse -

Circle K vil kvitte seg med ein sjeldan strandtomt på Stord på over åtte mål. Haka er at det følgjer med eit tankanlegg og sterkt forureina grunn.

Sidan 1950-talet har Statoil hatt ståande tankanlegg på den naturskjøne tomta like ved Sæbø gard. Her har det vore lagra parafin, gassolje, bensin og fyringsolje heilt fram til 2009.

I januar vart den 8,3 mål store tomten lagt ut for sal på Finn, med ein prisantydinga på fire millionar kroner.

Kjøparen av tomta får fire tankar med på kjøpet.

Har fått bod

Eigedomsmeklaren er allereie i ferd me å lande eit sal.

– Me har fått inn eit bod som me er nøgd med, og så er det nokre detaljar som må avklarast. Går dette i orden så har me eit sal, seier Trond Lehmann Syversen i Kyte Eiendom.

Haka er at deler av tomta er sterkt forureina. Multiconsult har analysert grunnforholda, og finn at tomta til dels er svært forureina. For å gjere noko som helst på tomta på dei oljehaldige massane sanerast, og eventuelt gravast bort med gravemaskin.

- Annonse -

Ukjende planar

Han vil ikkje ut med for høgt bodet er, eller kva bodgjevaren ønskjer å gjere med eigedomen.

– Eg veit ikkje kva planar bodgjevaren har, skal eg seie det heilt ærleg. Me har selt ein eigedom som har ein reguleringsstatus til næring, seier Syversen.

Sjølv om tomta er regulert til næring, er eitt av bruksområda sett av til bustadføremål i kommuneplanen.

Kjøparen av eigedomen får med seg fire store oljetankar på kjøpet.