Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Advokaten til den afghanske familien som vart pågripen på Fitjar fredag morgon, vil be byfogden i Oslo om å stanse uttransporteringa fram til ankesaka er avgjort.

– I morgon kjem me til å skrive til byfogden for å få ein midlertidig avgjersle slik at uttransporteringa vert stansa fram til ankesaka vert avgjort, fortel advokat Jostein Løken.

Bakgrunnen for ankesaka er at Oslo tingrett i november i fjor avviste at den afghanske familien har behov på beskyttelse. Oslo Byfogdembete kom fram til motsett konklusjon tidlegare i fjor.

Advokat Jostein Løken i Advokatfirmaet Elden er familien sin advokat.

Vil tilbake til Fitjar

Ankesaka i lagmannsretten er ikkje beramma før i juni 2019. Løken seier målet er at familien skal kunne gå tilbake i kyrkjeasyl fram til dette.

– Målet er dei skal få leve i fridom med bistand frå kyrkjelyden fram til anken kjem opp, og ikkje bak stengte dører.

– Korleis vurderer du moglegheita for at byfogden stiller seg positiv til å stanse uttransporteringa?

- Annonse -

– Me trur ikkje det er umogleg, viss ikkje hadde me ikkje gjort det. Det er vanskeleg å vurdere prosentsjansar, men me har jo ei anka ei sak der tingretten kom fram til ei anna avgjersle enn byfogden.

Han fortel at familiefaren framleis er innlagt på sjukehus, men ønskjer ikkje utdjupe kva årsaka til dette er. Resten av familien har blitt transportert rundt i fleire asylmottak sidan fredag. I følgje Sunnhordland sit dei no i Hvalsmoen transittmottak utanfor Hønefoss.

– Har det skrekkeleg

Løken fortel at han ikkje sjølv har hatt direkte kontakt med familien etter arrestasjonen fredag morgon, men kommuniserer med medlemmer frå trussamfunnet Nytt Liv Sunnhordland, som er tett på familien.

– Korleis har familien det no?

– Dei har det jo skrekkeleg. Men dei har gode menneske i kyrkjelyden som gjer kva dei kan for å vise omsorg.

Politiets utlendingseining (PU) stadfestar overfor Stord24 at dei har stansa uttransporteringa, men vil ikkje svare på kva som er årsaka til dette.

– Me kan stadfeste at den planlagde uttransporteringa av familien vart avbroten. Me kan diverre ikkje kommentere saka utover dette, seier kommunikasjonsrådgjevar Ellen Cecilie Eriksen i PU.

Nils Magne Blålid i Stord SV., foto: Jonas Sætre/Stord24

Krev svar frå Listhaug

I kjølvatnet av politiaksjonen er det kome ei rekkje kritiske reaksjonar, både frå kristen-Norge og frå politikarar.

Nils Magne Blålid i Stord SV, er av dei som har blitt opprørt av aksjonen. Fredag sendte han ei formell førespurnad til justisdepartementet om å svare på korleis regjeringa no stiller seg til kyrkjeasyl-instituttet.

Dette skreiv Blålid:

«Stord SV tek sterk avstand frå hendinga på Fitjar, der ein afghansk familie med 3 små barn, som sat i kyrkjeasyl, vart henta av politiet. Etter Stord SV si meining er dette eit klårt brot på korleis flyktningar i kyrkjeasyl skal handsamast. Justisminister Listhaug, som ansvarleg minister, må snarast orientere og grunngje kvifor norsk asylpolitikk når det gjeld kyrkjeasyl, vart handheva på ein måte som bryt med etablert praksis.»

- Annonse -