Slik ser scooteren til Sandra ut. Foto: privat
- Annonse -

Blei stelt frå Bjelland måndag kveld.

Oppdatering: I følgje Sunnhordland kom scooteren til rette hos eigaren tysdag kveld.

Like etter klokka 20 måndag kveld fekk politiet melding om tjuveri av ein moped. Det er snakk om ein kvit Yamaha-scooter med registreringsnummer SJ8880.

Scooteren tilhøyrer Sandra Fadnes Volden (17) frå Stord. Ho opplyser at scooteren blei stelt då han sto parkert utanfor huset der ho bur på Bjelland.

– Det var vedig keisamt, fortel ho til Stord24.

Måndag morgon blei det lagt ut ein etterlysning av scooteren på ei kjøpe- og salsgruppe for Stord på Facebook. Det tok ikkje lang tid før det dukka opp observasjonar. Ein mann opplyste nemleg at han hadde sett scooteren utanfor Shell på Heiane.

- Annonse -

I følgje Volden har politiet vore på bensinstasjonen og sikra spor frå overvakingskamera.

– Politiet sa det var ein mann i 20- eller 30-åra som køyrde den. Eg veit at den køyrer rundt utan skilt, fortel 17-åringen.

Er det fleire som har sett scooteren kan ein kontakta Sandra på telefon 98 99 20 98.