Trass i sterk vind var det mange som møtte opp til barneskirenn i lysløypa førre onsdag. No skal vêrforholda betra seg til vinterferien. Foto: Stord Ski
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Meteorologane melder om flotte vêrforhold.

På måndag startar vinterferien på Stord. For mange betyr det hyttetur på fjellet og ut på tur med familien. Ifølgje meteorologane er det likevel ingen grunn til å reise langt bort for å oppleve finvêret.

Trass i mykje sludd og skiftande forhold dei siste vekene, ser det endeleg ut til at forholda vil betre seg den komande veka.

– Eg har eigentleg gode nyheiter å kome med for Stord sin del. Det kjem til å bygge seg opp eit ganske kraftig høgtrykk over oss, og førebels ser det lovande ut, seier vakthavande meteorolog Lars Andreas Selberg ved Meteorologisk Institutt.

Gode skiforhold på fjellet

Meteorologen melder om mykje sol på måndag, periodevis med sol på onsdag og vidare ut neste helg. Noko regn må forventast, slår han fast, men det skal ikkje vere snakk om store mengder.

– Tysdag kveld kan det kome til å bli litt nedbør i form av sludd og våt snø på Stord. Det er snakk om eit lite lågtrykk, så det er enno usikkert akkurat kor dette kjem til å treffe. Utanom dette ser det ut til å bli bra ver og rolege vindforhold utover veka.

- Annonse -
- Annonse -

Dei siste vekene har det vore av og på med snø på Stord, og akkurat no ligg det eit tjukt lag med snø på fjellet. Kor sannsynleg er det at snøen vil bli liggjande?

– Generelt sett er det mykje snø på fjellet, og det kjem nok til å halde seg slik i lang tid framover. Det blir nok gode skiforhold på fjellet, opplyser Selberg.

– Me har allereie nytta lysløypa meir enn vanleg

Stord24 har vore i kontakt med fleire som hevdar at året så langt har vore prega av meir snø enn fjoråret. Blant desse er Stord Ski, som har merka stor forskjell på snøføre i lysløypa.

– Det har vore ein ganske bra snøvinter, og me har allereie fått nytta lysløypa meir enn «vanleg». I fjor hadde me ingen skirenn grunna snømangel i lysløypa. Me hadde ein periode med skiføre på Heio i fjor, men i lysløypa var det dårleg, skriv dei i ei melding.

Vakthavande meteorolog kan ikkje stadfeste at det var mindre snø i fjor, men seier det er fullt mogleg.

- Annonse -

Kjekke aktivitetar i vente

Onsdag 14. februar hadde Stord Ski barneskirenn i lysløypa. Trass i sterke vindforhold, var det tydeleg at dette ikkje la ein dempar på idrettsgleda blant deltakarane.

Idrettsklubben kunne melde om godt oppmøte og skreiv i eit innlegg på Facebook at heile 65 deltakarar var tilstades denne kvelden. Dette inkludert seniorgjengen.

Ifølgje nettstaden deira er det lagt opp til nytt skirenn laurdag 24. februar dersom vêret held seg. Med andre ord eit godt høve til å stå på ski i vinterferien.

Svømmehallen i kulturhuset har dessutan utvida opningstider i vinterferien frå kl. 11.00-14.00, frå måndag til fredag.

Det same gjeld skeisebanen, som melder om følgjande opningstider:

Måndag, onsdag, fredag og søndag frå kl. 12.00-19.00

Tysdag og torsdag frå kl. 12.00-16.00

Laurdag frå kl. 12.00-18.00

- Annonse -