Foto: Privat.
- Annonse -

Fleire har kontakta oss fordi dei har lurt på kvifor det står postsekker i busskuret på Heiane. Stord24 har undersøkt saka.

Stord24 har over lang tid fått inn fleire tips om postsekker som står plassert i eit busskur ved E39 på Heiane. Det er blitt observert at ein bil plasserer sekkene i busskuret om kvelden, som igjen blir plukka opp av ein postbil seinare same kveld.

Folk er no bekymra for at posten deira kan vere på avveie. Stord24 kontakta Posten for å finne ut av dette.

Det viser seg at det er Sunnhordland avis som distribuerer avisene sine på denne måten. Dei brukar postsekker etter avtale med posten.

– Det stemmer at det er Sunnhordland trykkeri som plasserer desse sekkene i busskuret. Dei inneheld avispost som skal til Stavanger postterminal, opplyser dagleg leiar Reidar Hystad.

– Grunnen til at dei vert plassert der for tida er tunnelarbeidet. Bilen som går frå Bergen til Stavanger har ikkje tid å køyre innom trykkeriet i denne perioden. Dei må vera sikre på å nå tidspunktet til Posten i Stavanger, for at dei kan garantera levering på rett dag.

- Annonse -

Løysinga med busskuret er mellombels fram til tunnelarbeidet er ferdig. Det er altså ingen grunn til å bekymra seg for at privat post er på avveie.

- Annonse -