Eyad Ibrahem Alawak har i lengre tid fungert som imam. No er han blitt erstatta med ein ny imam. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Lesarbrev: – Styret har bestemt å avtale at ein annan person skal ta over den krevjande imamstilinga, skriv Stord Islamske Kultursenter.

Av: Styret i Stord islamsk kultursenter
v/Shabani Maulidi Uwimana

Stord islamsk kultursenter vil med dette opplyse om at det er berre styre og talsperson som snakkar på vegner av Stord islamsk kultursenteret og medlemmene. Styret understrekar at alle uttaler av andre personar reflekterer personleg syn og meining, og representerer ikkje Stord islamsk kultursenter og medlemmene.

Styret har ansvaret for Stord islamsk kultursenteret og medlemmene. Imamansvaret er avgrensa til å leie fredagsbøn. Stord islamsk kultursenter har ikkje eit fast lokale og ingen fast imam. Mange av våre medlemmer, dei som har tid og kan, får lov til å vere var med og hjelpe frivillig med å ta på imamrolla på fredagsbøn. I alle åra vi har budd her på Stord har vi aldri hatt problem.

Sist var det regelmessig Eyad Ibrahem Alawak som hadde imamrolla. Han er ny i Norge og har arabisk som morsmål. Dette er ein fordel for imamrolla, difor fekk han lov til å hjelpe oss. Det er ingen ekstremistar eller radikale, og me tar sterk avstand av sånn handlinga fordi det er ikkje Islam.

Styret er klar over at det var ei misforståing som har skapt uro og vi har jobbe med det. Han er ny i Norge og veit ikkje korleis ting fungerer her. Difor det er viktig at nye innvandrarar som kjem i Norge går på introduksjonsprogram. Sjølv om ein er smart og klok, så er det kjempeviktig for dei nye som kjem frå forskjellige land å kjenne til regler, kulturen og korleis samfunnet fungerer her i Norge. Han fekk rolla fordi trussamfunna hadde ingen frivillige som kunne ta imamen si rolle i Stord islamsk kultursenter.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Denne situasjonen var berre mellombels til styret får tak ein person med relevant utdanning som kan ta denne krevjande imamstillinga. No har styret bestemt seg å avtale med ein annan person som har den naudsynte kunnskapen. Han skal ta over frå neste fredagsbøn.

Stord islamsk kultursenteret består av muslimar som bur på Stord og er ein del av Stord-samfunnet. Vi som har budd her lenge har betre forståing av kulturen, reglar og lovar. Dei som er nye treng meir tid og rettleiing, difor er det naturleg at dei prøve å hengje med på alt det dei kjenner og forstår. Her har styret i Stord islamsk kultursenteret prøvd å ta omsyn til desse. Men no ser vi at det var uklokt og har tiltrekt uro og negative merksemd rundt senteret.

Vi håper at denne forklaringa bidreg til eit positivt og trygt samfunn.

 

- Annonse -