Foto: Leirvik AS
- Annonse -

Same dag som Stord24 skreiv at arbeidarar frå det kontroversielle polske bemanningsselskapet Aramex Elektro var i jobb på Stord, valde Apply TB å sende arbeidarane heim.

Måndag denne veka skreiv Stord24 om korleis Apply TB nyttar åtte polske arbeidarar frå bemanningsselskapet Aramex Elektro på bustadkvarteret til Johan Sverdrup. Dette selskapet har vore knytt til innleie av nordkoreanske tvangsarbeidarar.

Regiondirektør i Apply TB, Reidar Notland, melder no at dei polske arbeidarane frå Aramex Elektro vart sendt heim 29. januar, same dag som Stord24 sette søkjelys på saka.

– Apply TB har i perioden 8. januar til 29. januar hatt opp til åtte elektrikarar med polsk statsborgarskap frå det polske selskapet Aramex Elektro. Innleie skulle ha avgrensa varigheit og då vil det vere ein start og ein slutt for eit kvart oppdrag, skriv Notland i ein epost.

Administrerande direktør Wojciech Kowalski i Aramex Elektro sa til Stord24 førre fredag at det då ikkje var bestemt kor lenge arbeidarane skulle vere på Stord.

– Har følgt prosedyrane

Han står likevel fast på at selskapet har følgt reglane og at dei ikkje kjenner til at dette selskapet har hatt direkte innleie av nordkoreansk arbeidskraft.

- Annonse -

– Før Aramex Elektro blei valt gjennomførte me i tråd med gjeldande prosedyrar ei vurdering av deira evne til å levere som avtalt og at dei følgjer alle regelverk. Etter det Apply TB er kjend med har ikkje Aramex Elektro nokon gong formidla nordkoreansk arbeidskraft.

Det som er å finne om uavhengig informasjon om Aramex Elektro stammar i hovudsak frå ein nederlandsk forskingsrapport frå 2016. Her står det mellom anna at selskapet har hatt band til det nordkoreanske statsselskapet Rungrado.

Aramex Elektro hadde også fram til 2016 same eigarar og direktør som i selskapet Armex, som det ikkje er tvil om har utnytta nordkoreanske tvangsarbeidarar. I følgje selskapet sjølv er det i dag ingen koplingar mellom dei to selskapa.

Kværner: – Viktig å vurdere underleverandørane

Måndag sendte me fire spørsmål til Kværner som er hovudleverandøren av plattformdekket til Johan Sverdrup-plattforma.

1. Er avgjersla om å bruke arbeidskraft fra Aramex Elektro til arbeidet på Johan Sverdrup på Stord teken aleine av Apply TB, eller har også Kværner vore involvert i godkjenninga?

2. Det er slått fast at Aramex Elektro er knytt til tilsetjing av nordkoreanske tvangsarbeidarar, men kva denne samankoplinga består i er noko uklart. Har Kværner gjort ei eigen vurdering av Aramex Elektro sine koplingar til ulovleg nordkoreansk arbeidskraft?

3. Når Aramex Elektro inntil nyleg hadde same administrerende direktør og eigarar som Armex – som det ikkje er tvil om har utnytta nordkoreanske arbeidarar -, samt at Aramex Elektro har hatt band til det statlege nordkoreanske selskapet Rungrado, burde ikkje dette i seg sjølv vere god nok grunn til å nekte Aramex Elektro arbeid på norske plattformprosjekt?

4. Med tanke på det som kjem frem i forskingsrapporten om dette selskapet, meiner de at Aramex Elektro er ein underleverandør som tilfredsstiller dei etiske retningslinene til Kværner?

Etter tre dagar kom svaret frå kommunikasjonssjef Torbjørn Andersen i Kværner.

– Som ein del av underleveransar til Kværner har Apply TB for ein periode hatt ei avtale med Aramex Elektro om bistand av elektrikarar frå Polen. For Kværner er det viktig at leverandørar vurderer sine underleverandørar, inkludert opp mot prosedyrane. Det ser Kværner at Apply TB gjer, skriv Andersen.

– Er det Kværner som har råda Apply TB til å avslutte innleieforholdet med med Aramex Elektro?

– I vårt svar presiserer me at det er Apply TB har hatt ein avtale med Aramex Elektro. Når det gjeld svar på spørsmål om forholdet mellom Apply og underleverandørar er det Apply TB som må svare på.

- Annonse -