Fire glade Fitjar-damer tok i mot frivilligprisen for Sunnhordland. Foto: Harald Johan Sandvik
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Dette var veldig fortent. Dei gjer eit flott tiltak, og kvaliteten på måten dei gjer det på er veldig bra, seier prost Svein Arne Theodorsen.

Frivilligprisen i Sunnhordland, som vert delt ut av årleg av Sunnhordland prosti, vart søndag tildelt fire engasjerte Fitjar-kvinner: Eli Karen Nerbø Simonsen, Benedicte Meyer, Anne Britt Tornes og Hildegunn Aadland.

Dei vart heidra for omfattande, trufast og kreativ teneste for kyrkja i Fitjar i meir enn 20 år.

Har opna kyrkja for mange

I 1996 starta dei månedlege temakvelder i kyrkja, der dei har skapt eit variert kulturtilbod med interessante gjester. Dei har arrangert rundt 10 temakvelder i året, noko som kan summerast til godt og vel 200 kveldar sidan dei starta.

– Dei har med kulturkveldane opna opp kykjelyden for mange, heiter det i grunngjevinga.

Prisen vart delt ut under den årlege nyttårsmottakinga til Sunnhordland prosti, som vart halden i Nysæter kyrkje søndag.

Wenche Tislevoll sa i ei fullsatt Nysæter kyrkje kor viktig temakveldane er i Fitjar-samfunnet. Foto: Harald Johan Sandvik

Låg terskel

- Annonse -
- Annonse -

Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H) sa nokre ord om prisvinnarane, og om kor viktig denne temakveldgruppa er i Fitjar.

- Annonse -

Ho kom med døme på tema som dei har hatt, som i haust då dei trekte full kyrkje då Fitjar kammerkor hadde konsert med sigøynermusikk. Eit anna døme er føredrag frå ein tidlegare fengselsprest, som også hadde vart teke godt i mot i Fitjar-samfunnet.

– Dei er veldig flinke til å finne interessante tema og få gode innleiarar, og då hentar dei folk frå heile landet, sa Tislevoll, som fortalde at det var låg terskel for alle slags folk å vere med på. Folk kjem ikkje berre Fitjar, men også andre stadar i Sunnhordland som syenst dette er interessant.

– Vel fortent

I følgje prost Theodorsen var det mange som jubla for prisen etter mottakinga i kyrkja.

– Eg vil seie at i følgje praten under drøsen etterpå var dette veldig fortent. Dei gjer eit flott tiltak, og kvaliteten på måten dei gjer det på er veldig bra.

Her vart det mellom anna vakker musikk frå Osterneset mannskor. Prost Svein Arne Theodorsen snakka mykje og godt om året som.

Eitt av dei suksessfulle temakveldane i fjor vart nytta til sigøynerkonsert i ei fullsett Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -