Skeisebanen på Vikahaugane blir opna igjen snart. Foto: Stord IL
- Annonse -

Stord IL har teke på seg ansvaret for driften av skeisebanen på Vikahaugane, etter at politikarane fjerna midlane i fjor.

– Me har starta kjøleanlegget, så det blir kanskje opning i løpet av helga, fortel styreleiar i Stord IL, Roy-Sverre Amundsen.

Klubben har nyleg starta eit eige aksjeselskap, Vikahaugane Drift og Vedlikehald AS, som har teke på seg ansvaret for å drifte isbanen. Amundsen er styreleiar i det nye selskapet.

– Det er Stord idrettslag som no står for rubbel og bit. Det er jo klart at ein eksoponerer seg for ein viss grad av risiko. Dette skal finansierast gjennom sal av energi, sponsorar og dugnadsinnsats, fortel Amundsen.

Rådmann Magnus Mjør i Stord kommune er glad for at idrettslaget har klart å få gang igjen produksjonen etter at kommunen måtte trekkje seg ut.

– No er dei i full gang med å legge is der oppe. Me ser veldig positivt på dette og er innstilte på å samarbeide med idrettslaget og at me får dette til. Dette skal ikkje koste kommunen noko, fortalde Mjør i kommunestyret torsdag.

- Annonse -

Rådmannen oppfattar at den private drifta er i tråd med vedtaket som kommunestyret gjorde i fjor, i samband med at det blei vedteke ein forstudie for bygging av ein ishall på tomta.

Då oppmoda politikarane rådmannen til å sjå på eit alternativt driftsopplegg for skeisebanen.

– Me oppfattar at dette er i tråd med kommunestyrevedtaket, sa Mjør.

- Annonse -