- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Filmskapar Severin Eskeland meiner han har laga Norges drygaste spelefilm. Her kan du sjå teaseren til «Lyst» – om du tør…

Den 45 sekunder lange teaseren som du no kan sjå av skrekkfilmen Lyst, ser du stordabu Magdalena From Delis i hovudrolla som kvinna som vert utsett for brutale overgrep. Filmen har premiere 21. april i Stord kulturhus, er likevel langt frå ein typisk valdsthriller.

– I norsk samanheng er dette det drøyaste. Det er ingen filmar som har blitt laga med så mykje trøkk i, seier Eskeland til Stord24.

– Kva kan du seie om dei dryge scenane?

– Eg vil ikkje seie så mykje om kva typar scener det er. Men der andre filmar overlet ting til fantasien, der held me fram med å filme. Der ein reknar med at scenen snart er ferdig, der filmar me vidare. Her får du sjå alt som er.

Severin Eskeland. Foto: Stord filmklubb

Ikkje gladvald

- Annonse -

Det er viktig for filmskaparen frå Stord å understreke at sjølv om scenane i filmen er grusamme, så gjer han ikkje dette for å vere spekulativ.

– Det er eit omgrep i filmindustrien som heiter gladvald, som i Diehard og i Saw-filmane. Dette eg gjer er ikkje gladvald. Eg vil vise kor gale eit menneske har det etter eit overgrep. Det er difor eg nyttar så sterke verkemidlar.

Den ferske filmen til Eskeland blir eit solid skritt framover for regissøren. Filmen, som eigentleg var tenkt for smale festivalar i utlandet, er nemleg sett opp på heile 35 kinoar over heile landet.

– Og det er før me har begynt å marknadsføre oss. Kinoane er leie av så mykje mainstream, dei vil rett og slett gutsa litt, seier Eskeland, som er spent på om filmen kan oppnå ein kultstatus blant skrekkfilmfans, slik som til dømes Død Snø har fått til.

– Eg trur filmen kjem til å få ein slags status fordi me har køyrt sånn på. Men ein kan ikkje samanlikne den med Død Snø som er ein skrekkomedie. Lyst er dønn seriøs, men eg trur den kan få følgjarar av folk som liker ekstreme skrekkfilmar.

Klaustrofobisk

Innspelinga av skrekkfilmen er gjort på Stord, med lokale skodespelarar og lokalt næringsliv med på laget. Likevel er det vanskeleg å finne nokre lokale kjenneteikn att i filmen.

– Heile filmen føregår inne i ein leilegheit. Men om ein føl ekstra godt med kan ein sjå at den er spelt inn i Sjøhuset på Leirvik. Me har ikkje filma ein einaste scene utanfor leilegheita. Sjåarane skal heller ikkje ha nokon utveg ut.

– Så dette er ikkje den beste filmen for dei med klaustrofobi?

– Dei med klaustrofobi må ta masse medisinar, ler Eskeland.

- Annonse -