Slik var det tenkt at biogassfabrikken skulle sjå ut då Seglneset var aktuell lokasjon. Illustrasjon: Sunnhordland Naturgass
- Annonse -

Sunnhordland Naturgass er framleis i forhandlingar med Stord kommune om alternativ lokalisering til den planlagde biogassfabrikken.

Etter den massive motstanden mot å lokalisere biogassfabrikk på Seglneset i Sagvåg har Stord kommune gått i dialog med Sunnhordland Naturgass om å finne ei alternativ løysing, for å sikre at biogassanlegget blir etablert i Stord kommune.

Dagleg leiar Jan Kåre Pedersen har tidlegare sagt at dei ville bestemme seg etter påske om det blir mogleg å realisere fabrikken på Stord. Men førebels er det ikkje kome nokon avklaring.

– Me er framleis i forhandlingar med Stord kommune, og har gitt det ei veke eller to. Me ser ikkje for oss ei løysing før tidlegast denne veka.

Seglneset framleis aktuelt

Trass i motstanden er ikkje Pedersen heilt avvisande til at det vert satsa på Seglneset.

– Seglneset ligg der. Då må me enten bestemme oss for full å gå i gang med full regulering på Jensaneset, eller finne ein ny lokasjon.

- Annonse -

– Kva lokaliseringar er aktuelle i forhandlingane med kommunen?

– Me diskuterer ikkje interne forhandlingar i pressa.

Som kjend har både Fitjar kommune og Bømlo kommune stilt seg positiv til å skaffe næringsareal til biogassanlegget. Her har ikkje forhandlingane kome i gang.

– Me vil ikkje forhandle med to kommunar samtidig. No held me på med Stord kommune.

Har mista mykje tid

Pedersen er likevel tydeleg på at dei ikkje ønskjer å bruke mykje tid på å bestemme seg.

– Me har mista for mykje tid alt no. Det er forferdeleg tungt å jobbe når me ikkje klarar å få denne lokaliseringa på plass.

Investoren fortel vidare at han no har fått ein ny erfaren kollega i Sunnhordland Naturgass. Magnar Aaland, som nyleg ga seg som administerande direktør i Advantec, skal no vere aktiv i å utvikle selskapet.

– Magnar har fått kontor hos oss, og er frisk og utkvilt. Me er veldig glade for å ha fått han på plass. Me har fleire prosjekt på gang, mellom anna skal me i gang med eit service-selskap der Magnar Aaland vert sentral.

- Annonse -