På bildet ser me prosjektleiar Kjartan Grov (t.v.) i Handballfestivalen som tek i mot gåva frå styreleiar i Sparebank 1 Stiftinga Kvinnherad Svein Arne Eidsvik. Til høgre er mangeårig teknisk ansvarleg i Handballfestivalen Øyvind Epland.
- Annonse -

Pengegåva frå Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad skal gå til innkjøp av nye mål til Handballfestivalen.

Ei raus pengegåve på 150.000 kroner blei nyleg gjeve av Sparebank 1-stiftinga til handballgruppa til Stord IL. Heile beløpet er meint å gå til uavkorta til innkjøp av nye mål til Handballfestivalen neste år.

– Dette er ein svært viktig gåve for oss som er med å finansiera store deler av dette innkjøpet, seier ein nøgd Kjartan Grov i handballgruppa.

Han fortel at dei gamle måla var opp mot 30 år gamle og ganske så utsletne og klare for utskifting.

– Me vil no bestille nye mål så me har dei klare til neste års Handballfestival som skal avviklast i pinsen 2018, seier Grov.

Stiftinga gav også 60.000 kroner til symjegruppa til IL Solid, som skal gå til oppbygging og restrukturering av symjegruppa.

- Annonse -

– Me rettar ei stor takk til stiftinga for denne gåva! Tusen, tusen takk! Dette betyr veldig mykje for oss, skriv IL Solid på Facebook.

Kvinnheradstiftinga tildelte i dag IL Solid Symjegruppe heile 60.000 kr til prosjektet "Oppbygging/re-strukturering av…

Geplaatst door IL Solid op Maandag 13 november 2017

- Annonse -