Jarle Jæger. Foto: Magne Langåker
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Jarle Jæger hadde akkurat lagt seg då han høyrde eit krakk. Dryge 100 meter unna huset hans hadde eit fly med ni passasjerar gått i bakken, og sto i full fyr.

– Eg har aldri fortalt denne historia før. Men no er det 20 år sidan, og dei pårørande har gått vidare.

Klokka var halv eitt på natta 12. oktober 1998, akkurat for 20 år sidan. Då skjedde den verste katastrofen som har skjedd på Stord sidan Andre verdskrigen.

Det danske Cessna-fly styrta berre eit par hundre meter unna rullebanen på Sørstokken. Ni danske statsborgarar omkom. Passasjerane frå Ålborg skulle på jobb på Aker Stord.

Hadde akkurat lagt seg

Jarle Jæger (55) budde i eit hus eit par steinkast frå det havarerte flyet, og var ein av dei første som kom til ulukkesstaden.

– Det var ein kveld eg var ekstra trøytt, og eg hadde lagt meg. Så høyrte eg eit slags krakk. Det var ikkje noko drønn, slik ein kanskje ser for seg. Kort tid etterpå ringte telefonen. Det var naboen som spurte, ‘er alt bra?’. Eg svarte litt fortumla ‘ja, kva er det?’, og han bad meg sjå ut vindauga. Då opna eg gardinene og såg rett mot flammane, 100-150 meter vekke.

  • Sjå minidokumentar om flyulukka: (Video/redigering: Magne Langåker)
- Annonse -
- Annonse -

Full fyr

Framføre huset som Jarle Jæger (55) då budde i, var det ein open bakke. Berre 20 meter inn i eit lite skogholt ved enden av bakken, på ein liten kolle, låg det styrta flyet i full brann.

– Det regna, og eg høyrte berre nokre små knall, små eksplosjonar. Plutseleg såg eg rett inn i ansiktet til brannmannen som parkerte rett utanfor vindauga mitt i 2. etasje. Då sprang me i lag ned til ulukka.

Det var Jan Litlabø som jobba i brannavdelinga på flyplassen som då umiddelbart hadde kome til staden.

– Han prøvde å gå inn i flammane for å prøve å dra ut folk. Me blei fort einige om at me måtte leite etter overlevande. Så eg sprang rundt i skogen og leita etter folk. Det eg ikkje visste var at då eg var i skogen så då eksploderte det slik at Jan blei kasta nedover skogen og landa på sida av ein stein. Dette fortalde han meg etterpå.

– Tida, den eksisterte ikkje

Å leite etter overlevande var som å famle i blinde, fortel Jæger.

– Det var mørkt, det regna og me såg lite. Eg hugsar me hadde dårlege lykter. Me såg heller ikkje gjennom flammane, og hadde vanskar med å sjå gjenstandar inne i flyet. ‘Kor er folka?’ tenkte me.

Men det dei såg var at taket på flyet var riven av langs heile flykroppen.

– Det var som om dei satt i ein båt, fortel Jæger.

Etter kvart kom fleire og fleire til staden. Både brannmannskap og sivile.

– Me var nok i ein form for sjokk. For tida, den eksisterte ikkje. Plutseleg var det berre masse folk rundt oss. Då kom dei frå to kantar, frå Stokken-sida og frå tunet mitt.

Huset til Jarle Jæger (kvit ring) låg berre 100-150 meter unna ulukkesstaden (raud ring). Flyfoto: Gule Sider

Skremmande syn

På dette tidspunktet brann det framleis intenst på grunn av drivstoffet.

– Eg meiner å hugse at vingane var knekte, og at drivstoffet må ha runne inn, for det brann lystig inne i cockpiten. Dei trilla ut på slangar som om dei var galne, og det brann framleis. Så kom dei med spreiaren. Og «baff», så slutta det å brenne. Rundt på same tidspunkt kom lyskastaren på.

Synet som då møtte dei som var på staden har nok brent seg fast i minnet til mange.

– I den augneblinken at spreiaren blei slått av og lyset kom på, så såg me piloten sitje der i ein firepunkt sele. Det var eit skremmande syn. Cockpiten var heilt open, og du såg rett på han. Han sat akkurat slik som han hadde døydd.

Så fekk dei sjå korleis det såg ut inne i flykabinen.

– Det var også eit fæla syn. Då flyet styrta lausna også setene frå golvet, og alle setene hadde glidd fram med valdsam kraft. For å å seie det som det var, så var altså åtte personar pressa saman på éin kvadratmeter. Så dette var ikkje noko syn.

Tilbake på ulukkesstaden 20 år etter, er det mykje Jæger ønskjer å formidle. Foto: Magne Langåker

Ungdom vart augnevitne

Dei grusamme scenene gjorde at alle dei frivillige fort fekk beskjed om å gå vekk.

Jæger tok situasjonen med fatning. Men det var ikkje alle som tok det like bra. Jæger fortel at frivillige frå Raude Kors hadde også kome til staden for å søkje etter overlevande i skogen. Fleire av dei frivillige var ungdomar i tenåringsalderen.

- Annonse -

– Dei var veldig flinke, og opererte veldig disiplinert. Men… Dei hadde med seg unge folk. Når dette blei synleg var det fleire som kollapsa. Dei klarte det ikkje. Eg gløymer aldri det synet.

Likevel var det framleis behov for frivillige. På dette tidspunktet trudde dei at det var ein person sakna, som ikkje var i flyet. Det blei starta ein manngard for å finne den siste personen.

– Eg hugsar eg gjekk saman med brannvesenet. Og me fant han jo ikkje. Det viser seg jo i ettertid at den personen befant seg midt i mellom alle inne i den kvadratmeteren.

Lurte pressa trill rundt

Då roen hadde senka seg rundt ulukkesstaden gjekk dei sivile gjennom ein debriefing saman med brannmannskapet. Her blei dei gjort merksam på at det ofte melder seg eit sterkt behov for å snakke om det ein har opplevd etter slike opplevingar, og at dei måtte passe på å ikkje la pressa utnytte dette.

– Dei råda oss til å snakke med kvarandre i staden for med media. I ettertid har eg vore veldig glad for det, seier Jæger.

Han har nemleg blanda erfaringar med framgangsmåten til pressa.

– Den lokale pressa var veldig god og snill, men jo meir perifert ein kom jo verre blei det. Eg hugsar Dagbladet, Aftenposten. Men danskane var heilt ekstreme. Eg gav eitt intervju utanom Sunnhordland, og det var til Aftenposten. Og dei vrei på alt eg hadde sagt. Ein blir veldig redd for å skade dei pårørande i ein slik situasjon.

Jæger hugsar spesielt ein episode, om då han sjølv var med på å distrahere den pågåande pressa.

–  Journalistane blei meir og meir pågåande då dei omkomne skulle køyrast ut. Eg samarbeida godt med politiet, og då enda det med at eg kokte kaffe, serverte journalistane og lurte dei så godt eg kunne. Då sprang dei med dei omkomne ned til Stokkavegen og køyrde. Då dette gjekk opp for journalistane blei det jo eit ramaskrik, og dei sprang etter nett som hundar. Eg gløymer det aldri.

Tungt å møte dei pårørande

Trass i dei sterke opplevingane har Jarle Jæger levd greitt med minna i løpet av dei to tiåra som no har gått.

– Alt dette var jo veldig trist og veldig fælt. Men det har ikkje gjort skade på meg. Det som gjorde at eg fekk roen og at det ikkje var fortvilelse som prega kvardagen, var vissheita om at alle døydde momentant ved nedslaget. Dei fann ikkje kullos i lungene på dei fleste. Det var ei trøyst for meg.

Men for Jæger kom den verste reaksjonen først etter ei tid, då pårørande begynte å kome frå Danmark til ulukkesstaden.

– Dei ville snakke med oss som var først på staden. Når eg tenkjer tilbake på det, då dett kjenslene på. For meg var dette den tyngste stunda, for dette var jo ungar og ektefeller og eg såg jo kor vondt dei hadde det.

Det var i løpet av desse dagane at Jæger sjølv fekk utlaup for dei dramatiske timane han hadde vore med på.

– Eg hadde ikkje noko sorgreaksjon før månadane etterpå då dei pårørande kom. Då først fekk eg ein form for sorgreaksjon. Før det vart eg gåande i eit skoddeheng. Det var uverkeleg det som hadde skjedd.

Jarle Jæger hadde tett kontakt med flyplassjef Jan Morten Myklebust og hjelpemannskapa etter ulukka. Her er dei framføre minnestøtta i Stokken. Foto: Magne Langåker

Fellesskapet var viktig

Han fortel at fellesskapet blant dei dei som var involvert på ulukkesstaden har vore til stor hjelp.

– Ein treng ikkje seie så mykje for at noko skal hjelpe. Berre det at me hadde ein flytande kontakt med politiet, hjelpemannskap og flyplassen etterpå, sjølv om det ikkje vart sagt så mykje. Det trur eg hjelpte på. Dette var me saman om.

Inntrykket til Jarle Jæger er at alle dei involverte gjorde ein svært profesjonell innsats i tida etter ulukka, spesielt med tanke på oppfølging av dei pårørande.

– Dei pårørande kom heilt frå Danmark, og dei var veldig imponert over måten flyplassen, politiet og redningsmannskapet hadde behandla dette på. Flyplassjef Jan Morten Myklebust fortener verkeleg heider og ære, for han var rundt dei heile vegen.

– Må ikkje gløyme

Åra har gått. Jæger har i dag flytta frå huset i Stokken. Å vere tilbake ved minnetavla 20 år etter gjer inntrykk.

– No er minnetavla her ute. Og om ho er midt i skogen, så betyr ikkje det noko. Dette vil ikkje ikkje bli gløymt, og det er viktig at det ikkje blir gløymt.

– Desse folka må bli hugsa.

- Annonse -