Gunnar Birkeland er prosjektleiar for Unitech. Foto: Uni research
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Gunnar Birkeland (53) blir ny prosjektleiar i Unitech på Rubbestadneset.

Då Liv Kari Eskeland starta på Stortinget måtte ho ikkje berre seie opp alle dei politiske verva sine i Stord kommune, ho måtte også fråtre stillinga si som prosjektleiar i offshore-verksemda Unitech.

No er det klart at det er haugesundaren Gunnar Birkeland som overtek jobben, skriv Bømlo-Nytt. Han er frå før forsknings- og utviklingssjef i Unitech, ei stilling han vil kombinere med den nye jobben.

Birkeland har ein lang erfaring i næringslivet, mellom anna som dagleg leiar i forskningsbedrifta Polytec AS. Hah har også hatt tunge styreverv, mellom anna som styremedlem i Høgskulen på Vestlandet og i Helse Fonna.

Han fortel at det var der sistnemnde verv han knytta kontakt med Liv Kari Eskeland.

- Annonse -

– Eg kjenner Eskeland frå styrevervet mitt i Helse Fonna, og ho introduserte meg for Bernt Hellesøe i Unitech for om lag eitt år sidan. Me fann tonen og kom til at me tenkte mykje likt, seier Birkeland til Bømlo-Nytt.

- Annonse -
- Annonse -

Unitech er i ferd med å etablere eit nytt forskings­senter, ny kabel­fabrikk og teknologi­dokk på Rubbestadneset på Bømlo. Det vil bli investert fleire hundre millionar kroner. Samtidig vil selskapet redusere drifta på Eldøyane på Stord.

Slik vil det nye gigantanlegget på Unitech på Rubbestaneset bli.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -