Jakob Bjelland i Sp har bestemt seg. Han går til venstre. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Senterpartiet og Krf har bestemt seg for å halde fram samarbeidet med Arbeidarpartiet og SV.

– Me i Sp og KrF har landa på at me går i forhadlingar om politisk plattform med noverande koalisjon, melder Jakob Bjelland seint torsdag kveld.

Førebels er det ikkje klart om det er Gaute Epland (Ap) eller Bjelland som får ordførarvervet.

– Me kjem til å gå i møte med Ap i morgon, og me held korta litt til brystet før me har snakka saman. Så kjem det sikkert ei erklæring ut frå det møtet, seier Bjelland.

Bjelland ønskjer å understreke at ingenting er hogd i stein enno.

– Kva det endar me vil eg ikkje forskuttere. Det dette handlar om er at me har hatt sonderingar, og gjort ein så grundig jobb som mogleg med begge partar. Så går me no med eksklusive forhandlingar. Det kan også ende med at me ikkje blir einige. Men me kjenner jo kvarandre godt, så det er lite tyder på det.

- Annonse -

Rosar høgresida

Sp-toppen rosar Øyvind Kyvik i Høgre og Sigbjørn Framnes i Framstegspartiet for måten dei har løyst forhandlingane på.

– Eg er faktisk imponert over den politiske kulturen på Stord. Over kor ryddige, profesjonelle og saklege både Øyvind og Sigjørn har vore når me har møttest. Dei har gjort ein formidabel jobb og verkeleg gitt oss noko å tenkje over, seier Bjelland.

Tidlegare i kveld kom nyheita om at Senterpartiet på Bømlo har valt å samarbeide til Høgre, noko som gjer at Ap mister makta. Bjelland legg ikkje skjul på at det har vore utfordrande for partiet å velje side også på Stord.

– Valet var spesielt fordi både me og Framstegspartiet fekk veldig stor framgang. Samtidig har Ap lokalt også gjort eit veldig godt val. Så ein har argumentert for mykje forskjellig. Men så er det sånn at når me har vore i ein koalisjon, så er det mest naturlege valet å halde fram.

– Kva er det som har vore utslagsgivande?

– Det som avgjer det litt for oss i valet mellom to gode alternativ er kva dei som røysta Senterpartiet forventa då dei gav oss si røyst. Då har me ein historie med ein politikk me har ført gjennom fire år, som folk gjerne vil ha meir av når dei gir oss vår røyst.

– Sigbjørn Framnes i Frp erta det litt i valkampen og sa at du eigentleg ikkje høyrer heime «hos sosialistane». Kjenner du deg heime?

– Eg er jo ikkje noko sosialist eg. Men eg har jo hatt eit veldig godt samarbeid med Ap. Me kjem godt overeins. No er nok eg ein sentrumspolitikar som kan samarbeide godt med begge sider. Me har jo hatt eit samarbeid med Høgre i åtte år.

Har bestemt kven som blir ordførar

Ordførar Gaute Epland (Ap) er naturleg nok godt nøgd med resultatet.

– Eg er veldig glad for at Sp og Krf no har valt å vidareføre samarbeidet med koalisjonen. Eg har veldig tru på dette samarbeidet og at me skal få ting til i lag.

Han opplyser at det blir møte med dei fire koalisjonspartia fredag klokka 12. Etter dette vil me vite kven som får ordførarvervet.

– Me vil sende ut ei pressemelding om kva me blir einige om vidare. Det er ikkje til å legge skjul på at me er fire ulike parti og fire program. Det vil bli ein del diskusjonar som skal gjerast, og det er viktig å lage eit godt styringsdokument som kan vere retningsgivande for samarbeidet, seier Epland.

– Og kven som blir ordførar?

– Det er jo noko av det me skal kome ut med i morgon ja.

– Er dette bestemt?

– Ja, det er avklart.

- Annonse -