Bjørn Sundland er ny styreleiar i NCE Maritime CleanTech. Foto: NCE Maritime CleanTech
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Bjørn Sundland erstattar Ingve Sørfonn som styreleiar i næringsklynga NCE Maritime CleanTech på Stord.

Bjørn Sundland er produksjons- og driftssjef i Gasnor, og har lang erfaring innanfor havrelatert industri. Han har også vore styremedlem i NCE Maritime CleanTech dei siste to åra.

– Eg er svært glad for at Sundland har takka ja til å bli ny styreleiar. Han har solid industrierfaring, eit brennande engasjement for klimaet og han kjenner utfordringane og moglegheitene i havnæringane godt, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

– Denne kunnskapen vil komme godt med i den vidare utviklinga av klyngesamarbeidet.

Sundland overtar vervet frå Ingve Sørfonn, som har vore styreleiar i klynga sidan skipinga i 2011. NCE Maritime CleanTech skriv i pressemeldinga at Sørfonn har vore en sentral bidragsytar til at klynga har bygd seg opp som ein sterk aktør innan utvikling av grøne løysingar, både i Noreg og internasjonalt. Han vil framleis ha ei aktiv rolle i klynga sine aktivitetar framover.

- Annonse -

Sundland seier han ser fram til arbeidet som styreleiar.

- Annonse -
- Annonse -

– For Noreg er målretta forsking og innovasjon innan teknologi som reduserer utslepp frå havnæringane avgjerande, både for klimaet og for konkurransekrafta til industrien. Eg ser fram til å bidra i dette arbeidet, som styreleiar for eit av landets fremste innovasjonsmiljø innan grøn teknologi, seier Sundland.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -