Leif Trygve Nilsen er den største skatteytaren på Stord. Her saman med Kjell Fylkesnes, som i 2017 trona øvst på inntektstoppen på Stord. No er han ute av topplista. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Leif Trygve Nilsen bidrog med 3,7 millionar kroner til fellesskapet i fjor.

Med ein årsinntekt på 8,1 millionar kroner og ein formue på over 85 millionar, er Leif Trygve Nilsen den stordabuen som legg igjen mest skattepengar.

Fjorårets skattelister, som vart publisert i dag, syner at Nilsen bidrog med 3,7 millionar kroner i skatt i 2018.

Det er noko meir enn nummer to på lista, Egil Sandvik, trass i at Sandvik har ein formue på over 200 millionar kroner.

Nilsen sitt selskap, Stord Innkvrartering, la bak seg eit svært godt 2018, med eit overskot på nær 30 millionar kroner. Dette syner også att i Nilsen sin private formue, som auka med seks millionar i fjor.

På formuetoppen finn me som vanleg styreleiar i Salt Ship Design, Egil Sandvik, med ein formue på 205 millionar kroner. Fire personar i Sandvik-familien er blant dei seks mest formuande på Stord.

- Annonse -

Når det gjeld innektstoppen finn me eit heilt nytt namn øvst på lista, nemleg Jan Skulstad. Han er oppført som dagleg leiar i serveringsstadane Holbergstuen og Wesselstuen i Bergen.

Desse hadde størst formue på Stord i 2018:

NamnInntektFormueSkatt
1Egil Sandvik (f. 1971)5 130 775205 399 1223 321 282
2Gunny Sandvik (f. 1966)3 780 172148 324 3172 428 487
3Trym Sandvik Steinshamn (f. 1993542 97289 525 547904 732
4Øyvind Nitter (f. 1942)1 316 77487 439 5171 069 616
5Leif Trygve Nilsen (f. 1957)8 170 75885 686 5283 730 070
6Karl Andreas Sandvik (f. 1999)130 32962 700 217546 775
7Lars Haldor Møgster Haldorsen (f. 1970)2 030 72246 872 8061 078 315
8Reinert Valvatne (f. 1952886 12533 149 411571 940
9Øyvind Jørgensen (f. 1947)2 223 25729 157 876947 785
10Kurt Arne Tyse (f. 1960)1 549 91029 044 393954 805
11Arnold Carstein Holmedal (f. 1947)1 082 68428 720 132558 976
12Sigurd Arne Buchvold (f. 1953)1 228 56826 821 549611 261
13Magnar Aaland (f. 1953)6 209 74326 631 8802 651 913
14Bjarthe Westerheim (f. 1974)3 001 07026 532 1191 133 101
15Linda Blom Nilsen (f. 1981)1 249 65726 067 999577 411


Desse hadde høgast inntekt på Stord i 2018:

NamnInntektFormueSkatt
1Jan Skulstad (f. 1951)10 249 57014 196 5193 231 137
2Leif Trygve Nilsen (f. 1957)8 170 75885 686 5283 730 070
3Magnar Aaland (f. 1953)6 209 74326 631 8802 651 913
4Inger Johanne Skorpen (f. 1948)5 319 15501 612 485
5Svein Kolbein Halleraker (f. 1954)5 271 82520 984 5562 007 642
6Steinar Røgenes (f. 1966)5 154 79302 350 861
7Egil Sandvik (f. 1971)5 130 775205 399 1223 321 282
8Lars Eide (f. 1965)4 647 49013 123 8602 149 044
9Sverre Myklebust (f. 1952)4 554 5734 658 3832 028 430
10Martin Eltarvåg (f. 1957)3 793 48110 453 1261 350 930
11Gunny Sandvik (f. 1966)3 780 172148 324 3172 428 487
12Tor Inge Hansen (f. 1958)3 741 04001 688 970
13Einar Eide (f. 1972)3 712 4795 129 6371 681 376
14Sølvi Juna Otterlei Aadland (f. 1968)3 617 0253 903 0471 115 376
15Paul Magnus Horne (f. 1957)3 525 1364 261 9091 590 017
- Annonse -