Niklas Fjellet får oppgåva med trene Stord handball sitt damelag. Foto: Stord handball
- Annonse -

Niklas Fjellet har takka ja til å verta ny hovudtrenar for damelaget til neste sesong.

– Stord handball har gleda av å presentere ny dametrenar for komande sesong, opplyser sportsleg leiar i klubben, Bjarte Epland i ei melding.

Niklas Fjellet er gift, har to barn og har nyleg busett seg på Stord. Han er i frå Larvik der han sjølv spela handball i barne og ungdomsåra. Han har dei siste åra studert (bachelor idrett og kroppsøving) og jobba (Sogndal folkehøgskule) i Sogndal.

– I Sogndal spela han også handball og har trenererfaring både for Sogndal sitt damelag i handball og damelaget i fotball. Han har også trenererfaring i frå aldersbestemte lag.

Klubben opplyser at den nye trenaren gler seg og ser fram til å starte på oppgåva med nå klubbens målsetjing om å ha seniorlag i dei to øvste divisjonane i 2023.

– Klubben er lukkeleg for at Niklas har takka ja til jobba som dametrenar. Niklas har verdiar og haldningar som står godt saman med klubbens verdiar og normar. Han har erfaring med å trene både yngre og eldre jenter og er oppteken av å utvikle seg vidare som handballtrenar, seier Epland.

- Annonse -

– Niklas har overbevist oss om at han er motivert for oppgåva og me gleder oss til å følgje laget framover!

- Annonse -