Jonatan Gniste blir hovudtillitsvald for lærarane på Stord. Foto: Utdanningsforbundet Stord
- Annonse -

Lærar ved Nysæter ungdomsskule, Jonatan Gniste, tek over vervet til Marit Himle Pedersen i Utdanningsforbundet Stord.

Årsaka til at Gniste rykkjer opp som hovudtillitsvald er at Himel Pedersen er valt til medlem i sentralstyret i Utdanningsforbundet.

– Ho har fått tildelt eit verv tilsvarande 100 prosent stilling, og Marit må difor trekkje seg frå verva som nestleiar og hovudtillitsvald for lærarane i Stord kommune frå årsskiftet, opplyser Utdanningsforbundet Stord.

Årsmøte i forbundet vil i slutten av mars til neste år gjere eit nytt val av nestleiar og hovudtillitsvald. Fram til då har styret valt Jonatan Gniste til å overta verva fram til 1. august.

Gniste er i dag plasstillitsvald ved Nysæter ungdomsskule, der han ogs arbeider som lærar.