DEBATT: Reinert Svanberg meiner Stord Ap bør koma med ei orsaking for å skapa tvil om gildskapen til Magne Bjelland (H).
Av: Reinert Svanberg, Stord Frp
kommunestyrerepresentant
Utsagna frå Arbeidarpartiet, signert Edgar Damås, kan ikkje stå uimotsagt.
Ein husbåt kan enkelt flyttast, det er ein båt, ikkje ein fast installasjon. Hamnesjefen har mynde til å flytte båtar slik han ser naudsynt. Det er dimed stor forskjell på å legge til rette for husbåt som buform, og å låse hamnearealet i 30 år framover, slik Ap gjer. Arealet er no i realiteten overført til Seglforeininga, som kunne gjennomført si verksemd utan å bruke areal i indre hamn. Det kjem ikkje Arbeidarpartiet i frå.
Eg har ikke høyrt nokon snakke ned seglforeininga. Den slags historieforteljing kan Ap gjerne spare seg.
Her kan du lesa alle innlegga i debatten om Leirvik hamn og seglforeninga
At inntektene på kaien aukar er ikkje gitt; all den tid vel 25% av verdien av avtala er i båtplassar kommunen skal disponere. Desse kjem i tillegg til dei vel 30 ledige båtplassane i den kommunale båthamna i Leirvik.
Når det er sagt, Skotabergkaien og resten av indre hamn må og skal utviklast. Det er difor me i Stord FrP har brukt mykje tid og krefter på å få ytre molo inn i budsjettvedtak og planverk, i tråd med programmet vårt. Dette vil legge til rette for å flytte hamneaktiviteten ut av indre hamn og slik kunne utvikle Leirvik. Rekkefølge betyr noko her. Ytre molo først. Frigjering og omdisponering av areal etterpå.
Kva gjeld sterkt politisk press så handlar ikkje det om den normale politiske prosessen, slik Ap forsøker å skape eit bilete av. Hamnesaka er ei sak ordføraren har engasjert seg uvanleg sterkt i, internt og eksternt. Det merkar sjølvsagd også dei tilsette. Det skal også nemnast at utval for plan og utvikling stemte nei, men kommunestyret omgjorde vedtaket – i ein prosess der ordføraren brukte all si politiske tyngde for å få fleirtal.
Arbeidarpartiet meinar eg er frisk i uttalingane mine, det får eg ta som eit kompliment. Dei er som vanleg på ballen berre når det er val.
Når me snakkar om ball. Eg tenker Ap skal forsøke å ta den, ikkje mannen. Det grunnleggande usaklege åtaket på Magne Bjelland sin gildskap er oppsiktsvekkande, og burde orsakast utan atterhald. Både administrasjonen og kommunestyret har funne han gild. Det burde Ap respektere, men i desperasjon kan ein visst tillate seg alt.